Abkhasisk

nordvestkaukasisk språk

Abkhasisk (аҧсуа бызшәа [ аpʰswa bəzʃʷa ]) er eit nordvestkaukasisk språk som blir snakka i Georgia (i den autonome republikken Abkhasia) og i Tyrkia.

Abkhasisk
аҧсуа бызшәа ( [ аpʰswa bəzʃʷa ])
Klassifisering kaukasisk
 nordvestkaukasisk
Bruk
Tala i Georgia, Abkhasia
Abkhasisktalande i alt 105 000[1]
Språkkodar
ISO 639-1 ab
ISO 639-2 abk
ISO 639-3 abk
Wikipedia på abkhasisk

Det finst 101.000 talarar av abkhasisk i Georgia. Kor mange talarar som finst i Tyrkia er ikkje kjend på grunn av manglande sensusdata, men eit overslag er 4.000, av ei etnisk gruppe på ca. 39.000).

Språklege karakteristika endre

Abkhasisk er kjenneteikna av eit rikhaldig konsonantforråd og eit lite vokalforråd: To fonologisk distinkte vokalar, ein open a og ein lukka ə. Avhengig av omgjevnad kan denne vokalen bli uttalt e, i, o eller u. Abshuj-dialekten har 58 konsonantar, Bsyp-dialekten sogar 67.

Abkhasisk er eit agglutinerande ergativspråk. Språket skil mellom ulike genus i dei personlege pronomena. Morfologien til nomena er relativt enkel, med berre eit par kasus, men verbbøyinga er svært kompleks, og dominert av prefiksering.

Skriftspråk endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er det abkhasiske alfabetet.

Det første abkhasiske alfabetet vart utvikla i 1862 av Baron Peter von Uslar og bestod av 37 kyrilliske bokstavar. Frå 1905 var eit kyrillisk alfabet med55 bokstavar i bruk. Nikolaj Marr utvikla eit latinsk alfabet med 75 bokstavar, som var i bruk mellom 1926 og 1928, då det vart erstatta med eit nytt latinsk alfabet. I 1937 vart det innført eit alfabet basert på det georgiske alfabetet. Då abkhasarane ville distansere seg frå georgiarane, vart det innført eit kyrillisk alfabet i 1954.

Litteratur endre

  • Georgij A. Klimov: Einführung in die kaukasische Sprachwissenschaft. Buske, Hamburg 1994 (omsett frå russisk av Jost Gippert).
  • Vjačeslav A. Čirikba: Abkhaz. LINCOM Europa, München 2003. (på engelsk)
  • George Hewitt: Abkhaz (Lingua Descriptive Studies). North-Holland, Amsterdam 1979. (på engelsk)
  • K. V. Lomtatidze: Grammatika abchazskogo jazyka: fonetika i morfologija. Suchumi 1968. (på russisk)
  • N. Ja. Marr: O jazyke i istorii abchazov. Verlag der Akademie der Wissenschaften der UdSSR, Moskau u. a. 1938. (på russisk)
  • Teimuraz Gvanceladze (PDF)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikipediaabkhasisk