Cerro Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika, og det høgaste fjellet i verda utanom Asia. Det ligg i Andesfjella i Argentina. Toppen ligg fem kilometer frå San Juan-provinsen og 15 kilometer frå grensa til Chile. Aconcagua er den høgaste toppen på den vestlege og den sørlege halvkula, og er ein Seven Summits.

Aconcagua
fjell
Aconcagua
Land  Argentina
Fjellkjede Andesfjella
Høgd 6 962 moh.
Koordinatar 32°39′20″S 70°00′57″W / 32.65556°S 70.01583°W / -32.65556; -70.01583
Kart
Aconcagua
32°39′11″S 70°00′42″W / 32.653055555556°S 70.011666666667°W / -32.653055555556; -70.011666666667
Wikimedia Commons: Aconcagua
Aconcagua sett nede frå klatrebasen.

Aconcagua er knytt til Valle de las Vacas i nord og aust og Valle de los Horcones Inferior i vest og sør. Fjella og omgjevnadane er eit verneområde. Fjellet har mange isbrear rundt seg, dei største ligg i nord-aust og aust.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aconcagua
  Denne geografiartikkelen som har med Argentina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.