Actors Studio

(Omdirigert frå Actors' Studio)

Actors Studio er ein amerikansk skodespelarorganisasjon og teaterskule med hovudkvarter i New York.

Actors Studio

The Actors Studio ved West 44th Street i Manhattan
TypeTeaterskule
Skipa5. otober 1947
HovudkontorNew York by
Nettstadtheactorsstudio.org

Skulen vart grunnlagd i 1947 av Elia Kazan, Cheryl Crawford, Robert Lewis ogAnna Sokolow, som lærte opp medlemmar.[1] Lee Strasberg kom seinare med og dreiv skulen frå 1951 til han døydde i 1982. I dag er skulen driven av Al Pacino, Ellen Burstyn og Harvey Keitel.

Actors Studio er mest kjend for The Method eller method acting som er ei form for dramaundervisning basert på prinsippa til Konstantin Stanislavskij.

Nokre kjende elevar er Marlon Brando, Paul Newman, James Dean, Marilyn Monroe, Jane Fonda og Steve McQueen.

Organisasjonen omfattar også Actors Studio West, eit avsnitt i West Hollywood i California skipa i 1967.[2]

Kjelder endre

  1. Anna Sokolow The Rebelious Spirit av Larry Warren s. 89–94: The Actors Studio. ISBN 90-5702-185-4
  2. ACTORS STUDIO WEST, henta 3. februar 2016 
  Denne teaterartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.