Augusta Ada Byron King, grevinne av Lovelace (10. desember 181527. november 1852) var ein engelsk matematikar og datapionér. Ho er blitt kalla den første programmeraren ettersom ho skreiv eit program for Charles Babbage sin digitale teljemaskin (computer).

Ada Lovelace

FøddAugusta Ada Byron
10. desember 1815
London
Død27. november 1852
Marylebone
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdematematikk, datahandsaming
Yrkematematikar, programmerar, lyrikar, informatikar, oppfinnar, omsetjar, skribent, ingeniør
InstitusjonarUniversity of Cambridge
EktefelleWilliam King-Noel
BarnAnne Blunt, Ralph King-Milbanke, Byron King-Noel

Bakgrunn og familie endre

 
Ada Byron i 1832.

Ada var fødd i London som dotter av den kjende diktaren Lord Byron og Anna Isabel Milbanke, ei velutdanna og sjølvstendig kvinne. Foreldra var gifte ei kort tid då Ada vart fødd, men skilte lag kort tid seinare. Lord Byron forlét England og møtte aldri dotter si att. Augusta Ada var kalla opp etter halvsystera til Byron, Augusta Leigh.

I 1835 gifta Ada Byron seg med baronen William King, som blei utnemnd til earl i 1838. Ho blei då grevinne av Lovelace. Dei hadde tre barn: Byron, fødd 12. mai 1836, Annabella (Lady Anne Blunt), fødd 22. september 1837, og Ralph Gordon, fødd 2. juli 1839. Dei siste åra av livet var Lovelace plaga av sjukdom, og ho døydde berre 38 år gammal.

Virke endre

Ada Lovelace fekk den omfattande utdanninga si gjennom huslærarar og sjølvstudium. Matematikkprofessoren Augustus De Morgan ved Universitetet i London rådgav henne i vidarekomne studiar. På denne tida var universiteta stengd for kvinner.

Ada fekk hjelp og støtte av den samtidig vitskapskvinna Mary Somerville, og det var gjennom henne at ho på 1830-talet fekk høyra om dei «analytiske maskinane» til Charles Babbage. I 1843 omsette ho ein artikkel om maskinen hans skriven av Luigi Federico Menabrea, «Notions sur la machine analytique de Charles Babbage». I sin artikkel kom ho med detaljerte merknader til teksten, mellom anna skildra ho korleis den tenkte maskinen kunne programmerast til å rekna ut Bernoulli-tal. Ho føreslo også at ein slik «computer» ville kunna skapa musikk og grafikk, og brukast til fleire praktiske og vitskaplege føremål.

Ada Lovelace brevveksla med Charles Babbage over lang tid. Ho var også i kontakt med David Brewster, Charles Wheatstone, Charles Dickens og Michael Faraday.

Ettermæle endre

Ettertida har tilkjend Ada Lovelace ein viktig plass i datahistoria. I 1979 byrja det amerikanske forsvaret utvikla eit nytt programmeringsspråk for å gje instruksar til datamaskinar. Resultatet var programmeringsspråket Ada, kalla opp etter Ada Lovelace.

Kjelder endre

  • Lovelace, Ada King, countess of. (2011). Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.
  • Ada Byron, Lady Lovelace, Biographies of Women Mathematicians, agnesscott.edu.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ada Lovelace