Adam Sandler

amerikansk skodespelar

Adam Richard Sandler (fødd 9. september 1966) er ein USA-amerikansk skodespelar, songar, komikar, produsent og manusforfattar.

Adam Sandler

Fødd9. september 1966 (57 år)
FødestadBrooklyn
FødenamnAdam Richard Sandler
Aktive år1987–
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, filmprodusent, songar, manusforfattar, musikar, skribent, komikar, gitarist, fjernsynsprodusent, ansvarlig produsent, komponist, stemmeskodespelar
MorJudy Sandler
FarStanley Sandler
EktefelleJackie Sandler
BornSadie Sandler, Sunny Sandler
PrisarMTV Movie Award for Best Fight, Golden Raspberry Award for verste skuespiller, Golden Raspberry Award for verste manuskript, Golden Raspberry Award for verste skuespiller, Golden Raspberry Award for verste skuespiller, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Biografi endre

Sandler vart fødd i ein jødisk familie i Brooklyn i New York City, men flytte til Manchester i New Hampshire som femåring og voks opp der. Han viste tidleg talent for komedie, og i 1987 debuterte han som skodespelar i situasjonskomedien The Cosby Show der Bill Cosby spelte familiefar. Sandler hadde ei rolle i serien fram til 1988. I 1989 spelte han i sin fyrste spelefilm, Going Overboard der han sjølv var med som manusforfattar. Filmen hadde sjølvbiografiske trekk, då han handla om ein ung komikar som prøvde å gjera karriere i underhaldninga ombord på eit cruiseskip.

Karrieren til Adam Sandler skaut fart på slutten av 1990-talet med filmar som Billy Madison (1995), Happy Gilmore (1996) og Bryllupssangeren (1998). Adam Sandler er i dag ein vellukka skodespelar, som særleg har mange hovudroller i komediar bak seg i karrieren.

Filmografi (utval) endre

  • Going Overboard (1989)
  • Billy Madison (1995)
  • Happy Gilmore (1996)
  • Bryllupssangeren (1998)
  • The Waterboy (1998)
  • Big Daddy (1999)
  • Mr. Deeds (2002)
  • Anger Management (2003)
  • 50 First Dates (2004)
  • Spanglish (2004)
  • The Longest Yard (2005)
  • Click (2006)
  • I Now Pronounce You Chuck & Larry (2007)
  • You Don't Mess with the Zohan (2008)
  • Bedtime Stories (2008)
  • Funny People (2009)
  • Grown Ups (2010)
  • Just Go With It (2011)
  • Zookeeper (2011)
  • Jack and Jill (2011)
  • That's My Boy (2012)
  • Hotel Transylvania (2012)

Kjelder endre