Admiral John Norris

britisk diplomat

Sir John Norris (1670 eller 1671–13. eller 14. juni 1749) var ein britisk admiral på 1600- og 1700-talet som var øvstkommanderande i Royal Navy under Georg II.

Admiral John Norris

Fødd1671
Død14. juni 1749
DødsstadHemsted Park
RangAdmiral of the Fleet, admiral
KonfliktarDen spanske arvefølgjekrigen

I mai 1699 gifta han seg med Elizabeth Aylmer, dotter til admiral Matthew Aylmer, og dette hjelpte han mykje framover i karrieren. Han vart slått til riddar i 1705 og admiral i 1709. Han var parlamentsmedlem frå 1708 til han døydde.

Norris medverka i den spanske arvefølgjekrigen og vart seinare send med ein flåte til Austersjøen for å vise dei nordlege nasjonane styrken til England. Offisielt kom han hit for å verne engelske handelsskip, men i røynda var det for å leggje press på Sverige og Russland, og han vart ein ven av tsar Peter, sin tilbaud han kommando over den russiske marinen. I oktober 1715 reiste han derimot tilbake til England, og i mai 1716 vendte han tilbake for å hindre eit mogeleg svensk forsøk på å erobre Skottland med hjelp av jakobittane. Her møtte han både svenske, danske og russisk skip i småtrefningar.

I 1717 forhandla han med tsar Peter i Amsterdam, men kom ikkje fram til noko resultat. I 1718 vende han tilbake til Austersjøen med eit fåtal troppar.

Etter kong Karl XII av Sverige døydde kom det i gang forhandlingar mellom Georg I og Sverige, og John Norris vart no sett til å hindre russarane i å herje langs austkysten av Sverige. Då han nådde fram hadde russarane alt reist heim att, så Norris vendte tilbake til England. Fleire tokt for å halde russarane unna Sverige følgde, det siste i 1727.

I 1734 vart han admiral for flåten og øvstkommanderande i Royal Navy. I 1744 pensjonerte han seg frå marinen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre