Adolfo Consolini (5. januar 191720. desember 1969) frå Costermano i provinsen Verona var ein italiensk friidrettsutøvar som konkurrerte i diskoskasting. Mellom 1946 og -54 vart han tre gongar europameister i øvinga, og olympisk meister éin gong. Han fekk dessutan eit OL-sølv. Consolini var aktiv internasjonalt til han var 43 år gammal. Han døydde i Milano.

Adolfo Consolini


Adolfo Consolini under OL i London 1948

Statsborgarskap Italia, Kongedømet Italia
Fødd 5. januar 1917
Costermano sul Garda
Død

20. desember 1969 (52 år)
Milano

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Adolfo Consolini ved rattet, med boksaren Duilio Loi bak. Reklame frå 1958.

Aktiv endre

Consolini vann dei tre fyrste europameisterskapane i diskoskasting som vart arrangert etter 2. verdskrigen. I alle tre meisterskapane; Oslo 1946, Brussel 1950 og Bern 1954 sigra han føre landsmannen Giuseppe Tosi. I 1948 vann han gullmedaljen i diskoskast under OL 1948 i London, også då føre landsmannen Tosi. Consolini prøvde å forsvare OL-tittelen fire år seinare, under OL 1952 i Helsingfors, men måtte nøye seg med sølvmedaljen, slått av USA-amerikanaren Sim Iness. Consolini deltok i alle internasjonale meisterskap til 1960, då sommar-OL gjekk på heimebane i Italia.

Consolini sette tre verdsrekordar, alle i Milano. Den fyrste kom i oktober 1941 med 53,34 m, som han forbetra til 54,23 m i april 1946. Siste verdsrekorden sette han 10. oktober 1948, då han oppnådde 55,33 m, ein rekord som sesongen etter vart slått av Fortune Gordien frå USA. Hans personlege bestekast presterte han i 1955-sesongen og målte 56,98 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre