Aftansong eller vesper, av latin vesperae, 'aftan', er dagens nest siste tidebøn, eller ei gudsteneste halden om kvelden, med liturgi som byggjer på den katolske vesperen.

I den katolske kyrkja vert feiringa av dei kyrkjelege høgtidene innleia med vesperen den føregåande dagen.

Liturgi endre

Aftansongen har fått plass i Gudstenestebok for den norske kyrkja. Liturgien for aftansongen inneheld følgjande ledd:

  1. Innleiing
  2. Kveldssalme
  3. Bibelske salmar – ein, to eller tre bibelske salmar; ein av dei kan vere henta frå lovsongane i Det nye testamentet
  4. Tekstlesing
  5. Preike eller tekstmeditasjon
  6. Marias lovsong – dette leddet er spesielt for aftansongen
  7. Bøn
  8. Herrens bøn
  9. Slutningssalme
  10. Avslutning – lovprising, velsigning og evt postludium.

I anglikansk tradisjon har evensong ein seintral plass.

Musikk endre

Delar av vesperen vart alt i mellomalderen framført fleirstemmig, spesielt «Marias lovsong» (Magnificat). Kjende tonsetjingar er Monteverdis «Mariavesper» (1610) og Mozarts «Vesperae soleennes de confessore» (1781).

Innan luthersk tradisjon er det komponert festvesper med rike musikalske innslag, men med lausare tilnyting til den opphavlege vesperen.

Sjå òg endre

Kjelder endre