Kaurifuru
Kaurifuru
Kaurifuru
Utbreiing
Utbreiinga av kaurifuru
Utbreiinga av kaurifuru
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Cycadophytanae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Kranstrefamilien Araucariaceae
Slekt: Agathis
Art: Kaurifuru A. australis
Vitskapleg namn
Agathis australis

Kaurifuru eller berre kauri (Agathis australis) er eit kongleberande tre som finst nord for 38°S på NordøyaNew Zealand. Av volum (men ikkje i høgde) er dette det største treet i landet. Dei høgaste trea kan nå opp til 50 meter over skogbotnen. Treet har glatt bork og små ovale blad. Andre vanlege namn på treet for å skilja det frå andre i Agathis-familien er sørleg kauri eller New Zealand-kauri.

Kauri er mellom dei eldste treslaga i verda, og har utvikla ei unik nisje i skogen. Med sitt uvanlege regenerasjonsmønster og samverknad med jordsmonnet, er treet i stand til å ta opp konkurransen med seinare utvikla og snøggare veksande dekkfrøblada planteslag. Fordi det er ei slik iaugefallande art, vert skogar der kauritreet finst gjerne kalla «kauriskogar», sjølv om kauri ikkje treng å vera det mest utbreidde treslaget der. I det varmare nordlege klimaet har kauriskogar ein større artsrikdom enn i andre førekomstar lenger sør.

Slektsnamnet Agathis er avleidd frå gresk, og tyder 'hyssingnøste'. Det viser til forma på konglane frå hanntrea. Australis tyder 'sørleg'.[1]

Utsjånad endre

 
Bladverk på eit ungt tre. Bladverket på eldre tre er det vanlegvis uråd å nå opp til.

Unge plantar har ein rett vokster og er på skap som ei trong kjegle med greiner som veks ut langs heile stammen. Etter som trea veks i høgda, feller dei dei nedste greinene, og hindrar på denne måten epifyttar å få feste. Hjå utvaksne tre dannar greinene i toppen imponerande kroner som breier seg ut over alle dei andre trea som veks der, og dominerer kollane i skogen.

Borken som flassar av kauritrea vernar dei mot parasittplantar, og vert liggjande nede langs rotstamma. Hjå store tre kan borken danna haugar på to meter eller meir.[2]Borken på utvaksne tre fell av i tjukke, uregelmessige flak, og treet skil ut mengder av gulaktig kvae, særleg der det oppstår sår.[3] Kauritrea har ein tendens til å veksa i små grupper eller flekkvis spreidde i blandingsskog.[4]

 
Eit ungt kauritre.

Kauriblad er tre til sju centimeter lange og ein centimeter breie, harde og lêraktige i struktur, og utan midtfure. Dei er grupperte i motståande par eller i kransar med tre blad på kvistane. Blada til små plantar er større enn på vaksne tre. Konglene er runde, fem til sju cm i diameter, og mognast 18 til 20 månadar etter pollineringa. Frøkonglene fell frå kvarandre når dei er mogne og set fri frø som er utstyrte med vengjer, og som vert spreidde med vinden. Hannkonglar (pollenkongler) og hokongler (frøkongler) sit på same treet. Fertilisering av frøa skjer ved pollinering, med pollen frå det same eller frå eit anna tre. Spireevna til frøa avtek snøgt med alderen etter frisetjinga. Om lag 50 % av frøa frå ei frøkongle er i stand til å spira, dette avtek til mindre enn 1% etter åtte månadar.[5]

Kauriskogar er mellom dei eldste i verda. Føregangarane til kauritreet dukka opp i juratida (for mellom 190 og 135 millionar år sidan).

Storleik endre

 
Kauri-treet «Te Matua Ngahere»

Kauritre kan veksa seg 40 til 50 meter høge, og diameteren til stammene kan verta store nok til å måla seg med californisk mammuttre (Sequoiadendron giganteum) med over fem meter. Dei største kauritrea er ikkje så vide nede på stammene, men inneheld meir tømmer i dei sylindriske stammene enn tilsvarande mammuttre med avsmalnande stammer.

Det største eksemplaret det finst oppteikningar om, voks ved utspringet til elva Tararu Creek som renn ut i Haurakigolfen like nord for elva Waihou River ved Thames. Dette treet var kjent som «Det store skrømtet» (The Great Ghost). Lokalhistorikaren Alastair Isdale frå Thames skreiv at dette treet målte 8,54 meter i diameter og 26,83 meter i omkrins. Det gjekk med i ein brann omkring år 1890.[6]

Eit kauritre ved Mill Creek i Mercury Bay vart oppmålt tidleg i 1840-åra, og var 22 meter i omkrins og 24 meter opp til dei første greinene. Dette treet vart truleg felt omkring 1870.[7]

Tilvekst og alder endre

Gjennom levetida til trea aukar som regel vekstsnøggleiken med alderen, han når etter kvart eit maksimum, for så å avta.[8]

Ved ei undersøking i 1987 målte ein at den årlege tilveksten i diameter frå tre til tre varierte mellom 1,5 og 4,6 mm i året med eit gjennomsnitt på 2,3 mm årleg. Dette tilsvarar 8,7 årringar for kvar cm stamme, og om lag halvparten av det som tidlegare vanlegvis har vore nemnt som vekstsnøggleik. Den same undersøkinga konkluderte med at det berre var ein svak samanheng mellom alder og diameter. Individuelle tre med diameter innanfor same ti-centimetergruppe kan variera i alder med 300 år, og det største treet som veks på ein gjeven stad er ofte ikkje det eldste.[9]

Ekspertar er samde om at det på grunn av variasjonen i vekstsnøggleik ikkje er mogeleg å fastslå den nøyaktige alderen til eit tre berre ut frå diameteren.[10][9]

Trea kan vanlegvis leva i meir enn 600 år. Truleg er mange individ over 1000 år, men der er ingen sikre prov på at trea kan verta meir enn 2000 år gamle.[9]

Rotstruktur og påverknad av jordsmonn endre

Eit særsynt trekk ved desse trea si unike økologiske nisje er tilhøvet til jordsmonnet der dei veks. Mykje på same måten som plantar i familien Podocarpaceae tek dei til seg næring frå organisk avfall nær jordoverflata gjennom fine rothår. Dette jordlaget består av organisk materiale som er danna av nedfalle lauv og greiner så vel som døde tre, og det går heile tida føre seg ei biologisk nedbryting her. På den andre sida vil dekkfrøblada tre som til dømes māhoe (Melicytus ramiflorus) få tilført ein god del av næringa si frå det djupare mineralrike laget i jorda. Sjølv om det meste av røtene til kauritrea ligg svært grunt, har dei òg fleire loddrette, djuptgåande røter (festerøter) som gir eit godt feste i jorda. Slikt feste er naudsynt for tre med storleik som kauri, som elles ville ha lett for å verta nedblåste, særleg i stormar og syklonar.

Kauritrea kan endra jordsmonnet ved hjelp av sitt eige avfall (lauv, bork og greiner) på ein måte som fremjar eigen vokster og reproduksjon, og hemmer oppeksten av konkurrerande arter. Planteavfallet frå kauritrea er mykje surare (acidisk) enn frå dei fleste andre treslag, og når det vert brote ned, vert det samstundes frisett sure emne. Ved utvasking under nedbør vert desse sure molekyla vaska ned gjennom jordlaga, og frigjev her andre næringsemne som er bundne i leire, som til dømes nitrogen og fosfor. Slik vert desse viktige næringsemna utilgjengelege for andre plantar sidan dei vert vaska ned i djupare jordlag under kauritreea. Denne prosessen vert kalla podsolisasjon, og endrar jordfargen til matt gråleg. Eit einskild tre har dermed tilgang til eit eige jordområde kring røtene, kalla cup podsol («podsolgryte»). Denne prosessen er viktig for at kauritrea skal overleva, ettersom dei tevlar med andre arter om plassen.[11]

Nedfall av lauv og andre rotnande delar frå kauri går mykje saktare i oppløysing enn avfall frå andre plantearter. Utanom surleiken inneheld kauri også andre stoff som t.d. voks og fenolar som er skadelege for mikroorganismar. Dette fører til ei stor opphoping av avfall inntil stammen til eit utvakse tre, og røtene til treet får næring av dette. Desse røtene er også tilhaldsstad for ein symbiotisk sopp kjend som mykorrhiza, og denne aukar planten si evne til å ta til seg næring. I dette tosidige tilhøvet dreg også soppen fordel av næring frå trerøtene. Med slik samverknad med jordsmonnet er kauritre i stand til å «svelta ut» yngre, konkurrerande arter.

Distribusjon endre

Lokal topografisk distribusjon endre

 
Eit kauritre i Waipoua Forest.

Sett på bakgrunn av den lokale topografien, er kauritrea langt frå tilfeldig plasserte i lendet. Som nemnt over, må kauritre ta næringa frå rivaliserande plantar for å overleva. Ein viktig tilleggsfaktor som må nemnast er hellinga i landskapet. Vatn frå åsane strøymer nedetter liene påverka av tyngdekrafta, og tek med seg næringsemne frå jordsmonnet. Dette fører til ein gradient frå næringsfattig jord øvst i åsane til rikare jordsmonn nedanfor. Næringsstoff som er vaska bort, vert erstatta av vassoppløyst nitrat og fosfat som trengjer seg ned skråningane og favoriserer oppvekst av arter som konkurrerer med kauri. Lenger oppe i åsane vert jordsmonnet derimot meir næringsfattig og betre tilpassa kauri. Den høge, rette og greinlause stamma til utvaksne tre gir meir ljos til jordarealet ved rota, og dette favoriserer oppveksten til trea sine frøplantar som er ljoskrevjande og som finn seg betre til rette i denne heller næringsfattige jorda, medan tevlande arter har dårlegare oppvekstvilkår her. I Waipoua Forest kjem dette til syne ved at der er rikare førekomstar av kauritre langs åsryggane, og større konsentrasjonar av dei viktigaste rivalane, som t.d. taraire (Beilschmiedia tarairi) lægre i landskapet. Dette mønsteret er kjent som nisjeseparasjon, og gjer at meir enn ei art kan leva i same området. Av dei planteartene som veks saman med kauri finst tawari (Ixerba brexioides), som til vanleg førekjem i større høgder der næringsomsetjinga er naturleg sein.

Endringar gjennom geologiske periodar endre

Kauritre veks no nord for den 38. sørlege breiddegraden, den sørlege grensa strekkjer seg frå Kawhia Harbour i vest og aust til Kaimai Ranges.[12]

Utbreiinga til kauritrea har variert sterkt gjennom geologiske periodar på grunn av klimaendringar. Dette er synleg i den nyare holocenperioden ved migrasjonen sørover etter den siste istida. I den tida då store isbrear dekte mykje av kontinenta på jorda, greidde kauri berre å overleva i isolerte lommer, for det meste berre heilt i nord. Karbondatering er ein teknikk som vitskapsmenn nyttar for å finna ut om den historiske utbreiinga til trea, ved å måla alderen til stokkar av kauritre som er funne i torvmyrer. Den kaldaste perioden i nyare tid var for grovt rekna 15-20 000 år sidan, og på denne tida var kauritre truleg berre å finna nord for Kaitaia, som ikkje ligg langt frå nordspissen til Nordøya, North Cape. Om lag som kumara (søtpotet) som veks på New Zealand, treng kauritre ein gjennomsnittstemperatur på 17°C eller meir gjennom storparten av året. Tilbaketrekkinga til kauritrea kan faktisk nyttast i klimaforsking for å klårleggja temperaturendringane i denne perioden.

Det er enno uvisst om kauritrea rekoloniserte Nordøya frå ein einskild førekomst langt nord, eller frå spreidde lommer med isolerte førekomstar som hadde greidd å overleva trass i dei klimatiske tilhøva. Dei spreidde seg sørover gjennom Whangarei, forbi Dargaville og så langt sør som til Waikato, og nådde den største utbreiinga si for 2000-3000 år sidan.[12] Det er ting som tyder på at dei har drege seg litt attende seinare, og dette kan tyda på at temperaturen har gått litt ned etter den tid. På det snøggaste breidde trea seg sørover med ein fart på 200 meter i året.[12] Uavhengig av kvar trea hadde utgangspunktet sitt for denne vandringa, er utbreiinga sørover relativt snøgg for eit tre som kan bruka eit millennium på å oppnå full vokster, men det kan forklarast ut frå livsmønsteret til treet.

Kauritrea er avhengige av vind, både til pollinering og til å få spreidd frøa. Mange andre plantar får frøa sine spreidde over store fråstandar av fruktetande (frugivore) dyr (til dømes kererū, ei art duer). Kauritrea når snøgt eit stadium der dei kan danna frø, det tek berre om lag 50 år før dei kan laga avkom. Dette karaktertrekket gjer trea til ei slag pionerart, trass i at den lange levetida deira er meir karakteristisk for k-selekterte arter.

Regenerasjon og livsløp endre

 
Hokongle (frøkongle) på kauritre i AucklandNew Zealand
 
Hannkongle (pollenkongle) frå kauri.
 
Skjel frå frøkongle frå kauri

På same måten som kauritreet har ei eiga nisje for påverknad av jordsmonnet, har det også ein særskild strategi for å regenerera, samanlikna med dekkfrøblada blømande grannar. Dette liknar mykje på podokarp-lauvskogar lenger sør; kauri krev mykje meir ljos og større opne område for å veksa opp, medan dekkfrøblada tre, som til dømes puriri (Vitex lucens) og kohekohe (Dysoxylum spectabile) toler betre skugge. Desse artene kan regenerera på stader der det er mindre ljos på bakkenivå, det rekk gjerne med at ei grein fell av eit tre og gir ein ljosopning. Kauritre må leva lenge nok til at det vert større forandringar, slik at dei får nok ljos til at frøa spirer. På stader der større skogområde vert borte, til dømes ved tømmerhogst, kan kauriplantar leva lenge nok til å mognast; ikkje berre på grunn av at dei får meir solljos, men òg fordi dei toler ein del vind og noko frost. Kauritre slår seg til i dei øvre partia i åsane, der dei er utsette for vêr og vind, medan mindre tre som dominerer i skogbotnen lenger nede, er skjerma både av dei større trea som veks over dei og av kvarandre. I opne område utan vern er desse trea mindre i stand til å veksa opp.

På grunn av denne spesielle måten å regenerera på, kan kauritre leva i meir enn eit tusen år, medan dei fleste andre treslag eldest lenge før dei når ein slik alder. Denne ekstraordinære alderen viser berre kor lenge desse artene må venta på at det skal oppstå vekstforandringar store nok til å favorisera regenerasjonen deira. Når ei slik større endring skjer, betyr det òg at kauritre regenererer en mass, og dannar ein kohort eller generasjon av tre på same alder som veks opp etter kvar slik forandring. Kauritre i eit bestemt område er derfor gjerne av same alder. På grunn av denne måten å regenerera på, kan fordelinga av kauritre fortelja forskarar når og kvar forandringane har funne stand, og kor store dei har vore. Ein større førekomst av kauritre kan vera eit teikn på at området er utsett for forandringar. Kauri spirer rett nok i område med lite ljos, men ein mykje større del av frøplantane går til grunne her, så dei trea som overlever sjølvtynninga og veks opp til ungtre finst gjerne i meir ljosrike område.

I periodar med mindre forandringar har kauri ein tendens til å missa territorium til dekkfrøblada konkurrentar som er i betre stand til å etablera seg under meir skuggefulle vekstvilkår. I heilt stabile periodar har kauritre derfor tendens til å førekoma meir sjeldan fordi dei vert utkonkurrerte av tevlande arter. Den økologiske biomassen til kauri vert mindre i slike periodar, og meir biomasse vert konsentrert hos dekkfrøblada arter, som til dømes towaitre (Weinmannia silvicola). Kauritre vil også verta meir vilkårleg spreidde etter som dei eldest, fordi trea døyr i ulik alder, og periodar med høvelege vilkår for regenerering vert meir sjeldne og sporadiske. Gjennom tusenår vil desse vekslingane i vekstvilkår skapa ein «tautrekkingseffekt» der kauri trekkjer seg oppetter åssidene i rolege periodar, for så å ta over lågareliggjande område att når vekstvilkåra endrar seg i favør av kauri. Sjølv om slike endringar er uråd å sjå i levetida til eit menneske, har granskingar av noverande distribusjonsmønster, oppførsel til eksemplar i eksperimentelle omgjevnader og undersøkingar av pollensediment (palyonologi) kasta ljos over livssoga til kauritreet.

Etnobotanikk endre

Avskoging endre

Hard tømmerhogst som starta kring 1820 og som heldt fram i om lag 100 år, har redusert talet på kauritre i New Zealand i stor grad.[13] Det er rekna ut at før den europeiske innvandringa dekte kauriskogane på Nordøya eit areal på minst 12 000 km². Kring 1950 hadde dette arealet minska til om lag 1 400 km², og omfatta omkring 47 kauriskogar der dei beste kauritrea var fjerna. Kring år 1900 var mindre enn 10 % av dei opphavlege kauritrea i live. I dag reknar ein med at det er om lag 4 % av uhoggen kauriskog attende, spreidd i små lommer.[14]

Ein meiner at om lag halvparten av tømmeret vart brent, anten med vilje eller ved uhell. Meir enn halvparten av det som var att, vart eksportert til Australia, Storbritannia og andre land, resten vart nytta lokalt til bygging av skip og hus.

Mykje av tømmeret vart selt for summar som berre var tilstrekkeleg til å dekkja løner og utgifter samt ei rimeleg forrenting på kapitalen som var skoten inn i denne industrien. Frå 1871 til 1895 tyder rekneskapar på ein pris på omkring åtte shilling (tilsvarande 20 dollar i 2003)[15] per eit hundre superficial feet (1 superficial foot = 2360 cm³), noko som tilsvara 34 shillings/m³.[16]

Regjeringa heldt fram med å selja store område kauriskog til sagbrukseigarar, som omsynslaust nytta seg av dei mest tenlege effektive og økonomiske midlane for å gjera seg nytte av tømmeret. Resultatet av dette vart mykje sløsing, svinn og øydelegging. Ved eit skogsal i 1908 vart meir enn fem tusen kauritre på rot med eit totalt volum på om lag 47 000 m³, selde for mindre enn to pund treet (to pund i 1908 utgjorde kring 100 NZ-dollar i 2003).[15][17] Det er sagt at i 1890 fall prisane på tømmer på rot så lågt som ned til åtte pence/m³ (1,80 NZ-dollar i 2003),[15] sjølv om utgiftene til hogst og transport fram til sagbruka stort sett var høge på grunn av det vanskelege terrenget der trea var å finna.[18]

Bruk endre

 
«Kauri-gum» seld i The Kauri Museum på New Zealand

Maoriane var dei første som nyttiggjorde seg treet. Somme av dei største krigskanoane nord på Nordøya, waka, var hola ut av ein einskild kauristamme med eld og steinreiskapar, etter at treet var felt under spesielle seremoniar. Desse kunne vera opp til 25 m lange.[19] I dag er bruken av trevirke frå kauri under strenge restriksjonar, men i fortida gjorde storleiken og styrken til kauritømmer det populært til bygging av hus, bruer og skipsbygging, særleg til masterseglskuter på grunn av den rette voksteren til stammane og fråvær av greiner i store delar av høgda til trea. Kaurikroner og trestubbar var høgt verdsette og etterspurde som utsmykka panel så vel som til eksklusivt innbu. Trestammane stod ikkje så høgt i verdi, men den ljose veden gjorde dei veleigna til material for enklare møblar så vel som til sisterner, tønner, bruer, byggjematerial, gjerde, modellar til metallstøypeformer, store rullar til tekstilindustrien, jarnvegssviller og til avstiving i gruver og tunellar, mellom mykje anna.

Sist på 1800- og tidleg på 1900-talet var kauri-gum, meir eller mindre forsteina kaurikvae, ei verdfull vare, særleg nytta til poleringsmiddel, ferniss og i framstilling av linoleum, og stod sentralt i ein omfattande industri nord på New Zealand i si tid.

Tømmer endre

 
Ei trapp saga ut or ein gammal kauristamme. Frå Ancient Kauri Museum i Awanui, nær Kaitaia i NorthlandNew Zealand.
Tekniske spesifikasjonar

Betydelege mengder kauri har vorte funne nedgrave i det som i dag er saltmarsk, som eit resultat av tidlegare tiders naturkatastrofar, som til dømes vulkanutbrot, endringar i havnivået og flaum. Slike trestykke har vorte aldersbestemte ved hjelp av radiokarbondatering, og funne å vera 50 000 år gamle eller eldre. Borken og frøkonglene til trea har ofte overlevd saman med stammen, men går fort i oppløysing etter at dei er gravne opp og kjem i kontakt med luft.

Kvaliteten til det oppgravne treverket varierer, somt er i overraskande god stand, samanlikna med nyfelt kauri, men ofte ljosare i farge. Dette kan påverkast med bruk av beis, som får fram mørke brune og grønaktige fargetonar som ofte framhevar detaljane i trestrukturen. Etter ein tørkingsprosess kan slik gammal kauri brukast til møblar og anna inventar.

Arbeid med å ta vare på kauri i dag endre

 
«Dei fire søstrene» i Waipoua Forest.
 
Tāne Mahuta ('Herren i skogen').
 
Agathis australis innramma ved Arataki Visitor Centre.

I 1921 selde filantropen James Trounson frå Cornwall eit større landområde – som låg inntil eit mindre statleg område – til regjeringa for 40 tusen pund, og dette området skulle innehalda minst 4 000 kauritre. Litt etter litt har Trounson lagt nye areal til dette, som gåve, slik at det som no er kjent som Trounson Park har fått ei flatevidd på i alt fire km².

Det som gjer Waipoua Forest viktig med omsyn til kauritreet, var at dette var den einaste kauriskogen som stod att i nokolunde urørt opphavleg tilstand, og at han var stor nok til å gje rimelege vilkår for permanent overleving av trea. Den 2. juli 1952 vart eit område på meir enn 80 km² av Waipoua gjort til eit skogsreservat etter ein søknad til regjeringa.[20]

Dei små attståande lommene med kauriskogar i New Zealand har overlevd i område som ikkje vart utsette for skogbrenning av maoriar, og som var for vanskeleg tilgjengelege for europeiske tømmerhoggarar. Det største området med utvaksen kauriskog er Waipoua Forest i Northland. Utvaksen og oppveksande kauri kan òg finnast i andre nasjonale og regionale verneområde, som t.d. Puketi og Omahuta Forests i Northland, i Waitakere Ranges nær Auckland, og i Coromandel Forest Park på Coromandelhalvøya.

Dei mest kjende kauritrea er Tāne Mahuta og Te Matua Ngahere i Waipoua Forest, eit 25 km² stort skogområde som inneheld tre fjerdedelar av kauritrea som står att på New Zealand. Desse to trea er vortne turistattraksjonar på grunn av storleiken sin. Tāne Mahuta, som har fått namn etter den maoriske skogguden Tāne, er det største nolevande kauritreet. Det har ein omkrins på 13,77 meter, og stamma er 17,68 meter høg.

Te Matua Ngahere, som tyder ‘Far til skogen’, er mindre, men tjukkare enn Tāne Mahuta, med omkrins 16,41 meter.

Kauri er vanlege tre i parkar og hagar rundt i New Zealand. Dei er verdsette for den karakteristiske utsjånaden til unge tre og fordi dei treng lite stell når dei først har vakse opp (sjølv om dei minste plantane er kjenslevare for frost).

Kjelder endre

  1. Gledhill, David (2008). "The Names of Plants". Cambridge University Press. ISBN 9780521866453 (hardback), ISBN 9780521685535 (paperback), s. 39, 62
  2. Reed, s. 60
  3. New Zealand Plants om Agathis australis[daud lenkje]
  4. Reed, s. 74
  5. New Zealand Native Plants and Nature Tours, arkivert frå originalen 30. juli 2007, henta 26. juli 2008 
  6. «Giant Kauri Trees». Tararu Valley Sanctuary. Henta 22. august 2008. 
  7. Reed, s. 89-92
  8. Reed s. 62
  9. 9,0 9,1 9,2 Ahmed, Moinuddin; Ogden, John (1987). «Population dynamics of the emergent conifer Agathis australis (D. Don) Lindl.(kauri) in New Zealand I. Population structures and tree growth rates in mature stands». New Zealand journal of botany (Taylor & Francis) 25: 217–229. 
  10. Reed s. 61-63
  11. Eric Verkaik; R.O. Gardner; W.G. Braahekke (2007). «Site conditions affect seedling distribution below and outside the crown of kauri trees (Agathis australis)» (PDF). New Zealand Journal of Ecology 31 (1): 13-21. Henta 26. juli 2008. 
  12. 12,0 12,1 12,2 J. Ogden (1992). «The Late Quaternary History of Kauri (Agathis australis) in New Zealand and Its Climatic Significance». Journal of Biogeography 19 (6 utg.). s. 611-622. 
  13. King s. 125
  14. kauri-museum.com, arkivert frå originalen 21. juni 2008, henta 26. juli 2008 
  15. 15,0 15,1 15,2 Brian Easton (2004). «WHAT WAS A POUND WORTH?». Henta 4. august 2008. 
  16. Reed s. 74-75
  17. Reed s. 267
  18. Reed s. 79
  19. J.T. Salmon (1996). The Native Trees of New Zealand (3 utg.). Auckland: Reed Books. ISBN 0-7900-0503-4. 
  20. Reed s.268-269
  • Michael King (2003). The Penguin History of New Zealand. Penguin Books. ISBN 0143018671. 
  • Alfred Reed (1953). Alfred Hamish Reed, red. The Story of the Kauri. A.H. og A.W. Reed. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Agathis australis
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Agathis australis