Agostinho Neto

angolansk poet og politikar

António Agostinho Neto (17. september 192210. september 1979) var ein angolansk politikar frå MPLA. Han var leiar for MPLA under Den angolanske frigjeringskrigen, og den fyrste presidenten i Angola frå 1975 til 1979. Frå 1962 var han leiar for frigjeringsrørsla MPLA, ein av tre væpna frigjeringsorganisasjonar i Angola som kjempa for sjølvstende frå Portugal. Då dei siste portugisiske troppane forlét Luanda den 11. november 1975 overlét dei makta til MPLA, og Neto erklærte landet sjølvstendig. MPLA gjorde han like etter til president for Folkerepublikken Angola, og han hadde denne stillinga fram til han døydde i 1979.[1]

Agostinho Neto

Fødd17. september 1922
Ícolo e Bengo
Død10. september 1979 (56 år)
Statsborgar avPeople's Republic of Angola
Yrkepolitikar, lyrikar, medisinsk forfattar, politisk fange
Utdanna vedUniversitetet i Coimbra
Universitetet i Lisboa
Alle verv
  • Angolas president (1975–1979) Sjå dette på Wikidata

Som president i Angola oppretta han nære band til Cuba og Sovjetunionen.

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Fram til 1975 var Angola en portugisisk koloni, og Neto utdanna seg som lækjar i Portugal. Han var tilsett i kolonistyrets helseteneste i åra mellom 1952 og 1960. Han sat dinest i fengsel i frå 1960 til 1962 for hans militante haldning mot kolonistyret,[2] men klarte å rømma. Han var med i Rørsla for Angolas frigjering (MPLA) frå byrjinga i 1957, formann frå 1962, og leia frigjeringskampen frå eksil i Folkerepublikken Kongo (no Republikken Kongo) frå 1962 til 1975.[1]

Sjølvstendekampen endre

Det splitta landet hadde fått ei vanskeleg byrjing igjennom ein lang og valdeleg kolonikrig. Kampen om sjølvstendet vart prega av interne stridar og innblanding frå dei globale stormaktene USA og Sovjetunionen, og forutan Cuba og apartheid-staten Sør-Afrika, og den nye uavhengige staten var i ei eksistensiell krise frå fyrste stund. På det internasjonale plan styrte Neto den nye staten med diplomatisk pragmatisme. Internt i Angola var hans styresett prega av viljen til ein hurtig og statsstyrt omvelting av samfunnet, medan eit lite tal personar rundt han sjølv akkumulerte makta.[1]

Ettermæle endre

Neto har vorte ståande som ein svært kontroversiell figur i angolansk soge. Han klarte å leia landet til å halda fram med å ha sjølvstende under desse vanskeleg geopolitiske høva. Samstundes var han svært autoritær, og syrgja for å fjerna og marginalisera kritiske røyster både i MPLA og i andre politiske rørsler. Neto si rolle i dei store utreinskingane i partiet MPLA i 1977-1978 – som kosta mange titusen liv medan Neto leia partiet og staten – har aldri vorte granska.[1]

Neto vert sett på som ein landsfader av MPLA. Portrettet hans finst i eit utal stader i offentlege rom og skrivestover, på pengesetlane kwanza, og i form av statuar i hovudgater. Neto er gravlagt i eit mausoleum sentralt i Luanda. Han var òg lyrikar, og diktsamlinga Afrika græt vart gjeven ut på norsk i 1977.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Eriksen, Tore Linné; Orre, Aslak: Agostinho Neto i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. mars 2024.
  2. «Agostinho Neto» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 16. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Agostinho Neto