Agurk
Agurk
Agurk
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Cucurbitales
Familie: Graskarfamilien Cucurbitaceae
Stamme: Benincaseae
Slekt: Cucumis
Art: Agurk C. sativus
Vitskapleg namn
Cucumis sativus

Agurk er ein plante i graskarfamilien. Bæret til agurken blir brukt som grønsak, og agurk har vore kulturplante i India i minst tre tusen år. Han kom til Noreg på 1660-talet. Agurken er som regel grøn og blir eten rå eller sylta.

Skildring endre

Agurkplanten har gule blomar og store blad. Agurkfruktene har ei noko krumma sylinderform og kan bli frå 10 til 60 cm lange.

 
Heile og skiva agurkar.

Bruk endre

Agurk blir ofte delt i skiver eller terningar og brukt i agurksalat eller som del av ein annan salat. Ein kan òg bruka han som pålegg eller anna slag tilhøyr.

Næringsinnhald endre

Heile 96 % av agurken er vatn,[1] og han gjev difor mindre næring enn mange andre frukter. Fersk agurk er likevel ei god kjelde for C-vitamin, K-vitamin og kalium. Sylteagurk inneheld endå mindre næringsstoff, særleg C-vitamin.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Slangeagurk, Agurk» (på norsk bokmål). frukt.no. Henta 2. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff endre