Aiguille du Midi er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Dei franske Alpane med ei høgd på 3 842 meter over havet.

Aiguille du Midi
fjell
Aiguille du Midi om sommaren
Land  Frankrike
Fjelltype Granitt
Fjellkjede Mont Blanc-massivet
Høgd 3 842 moh.
Førstestiging 4. august 1818 av A. Malczewski, J.M. Balmat og 5 guidar
Koordinatar 46°53′N 10°13′E / 46.883°N 10.217°E / 46.883; 10.217
Kart
Aiguille du Midi
45°52′44″N 6°53′15″E / 45.878888888889°N 6.8875°E / 45.878888888889; 6.8875
Wikimedia Commons: Aiguille du Midi

Det går ei kabelvogn til toppen av fjellet, Téléphérique de l'Aiguille du Midi, som vart bygd i 1955, og som i tjue år var den kabelvogna som nådde høgast i verda. Ein praktfull tur frå Chamonix til toppen av Aiguille du Midi, ei stiging på 2 800 meter, tar om lag 20 minutt.

Toppen har i dag ein utkikksplattform, ein cafe og ein gåvebutikk. Den populære skiløypa Vallée Blanche byrjar her, og den nærliggande hytta Cosmiques, er startpunktet for turar til toppen av Mont Blanc. Frå Aiguille går det ei anna kabelvogn over isbreen Glacier de Geant til Point Helbronner (3 452 m) på den italienske sida av Mont Blanc-massivet. Frå Point Helbronner går det ei kabelvogn til Entrevés, ein landsby nær Courmayeur i Aostadalen (Italia).

Bakgrunnsstoff endre