Airwaves av Badfinger

Airwaves
Studioalbum av Badfinger
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1979
Innspelt Oktober - desember 1978 Los Angeles
Sjanger Powerpop
Lengd 30:49
Selskap Elektra
Produsent David Malloy
Badfinger-kronologi 
Wish You Were Here
(1974)
Airwaves Say No More
(1981)


Airwaves er det sjuande studioalbumet til det britiske rockebandet Badfinger frå 1979 på Elektra. Det var eit mykje venta comebackalbum for gruppa på den tida, men gruppa bestod no berre av duoen Tom Evans og Joey Molland frå det originale bandet, akkompagnert av gitaristen Joe Tansin.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]

Historie endre

Etter at det siste albumet Badfinger spelte inn, Head First, ikkje kom ut og medlemmet Pete Ham tok livet sitt i 1975, vart Badfinger oppløyst, og dei attverande medlemmane gjekk inn i andre grupper eller slutta å spele musikk dei neste to åra.

Musikarane Joe Tansin (gitar/vokal) og Kenny Harck (trommer) frå Chicago og den då arbeidslause Joey Molland skipa ei ny gruppa i Los Angeles. Molland fekk seinare lokka det tidlegare Badfinger-medlemmet Tom Evans med i bandet. Dei tok etter kvart attende namnet Badfinger, og dette var med på å opne dører hos plateselskapa. Men namnet skapte òg ei ujamn fordeling i bandet mellom dei nye og gamle medlemmane, og etter kvart som innspelinga av albumet tok til, fekk Harck sparken. Den tidlegare Badfinger-trommisen Mike Gibbins prøvespelte for gruppa, men fekk ikkje jobben, og studiomusikaren Andy Newmark vart henta inn for å spele inn trommene for albumet. Songane til Tansin vart stort sett forbigått til fordel for songane av Evans og Molland, og han slutta i gruppa kort tid etter albumet var ferdig.

Albumet er kort og inneheld i røynda berre åtte songar, og fekk nokså dårleg kritikk då det kom ut. Kritikarane har òg klaga på «Vestkyst-produksjonen» til albumet og at det ikkje lenger høyrdest ut som eit Badfinger-album. Bandet turnerte mykje for å marknadsføre albumet, men salstala var dårlege og Elektra ønskte ikkje å gje ut eit album til.

Det vart gjeve ut to singlar frå albumet. «Lost Inside Your Love» gjekk ikkje inn på den amerikanske singellista, men «Love Is Gonna Come At Last» klarte å nå ein 69. plass på Billboard-lista. Sjølve albumet nådde 125. plassen på den amerikanske albumlista.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Airwaves»Evans/Molland0:29
2.«Look Out California»Evans3:27
3.«Lost Inside Your Love»Evans2:42
4.«Love Is Gonna Come at Last»Molland3:37
5.«Sympathy»Tansin4:28
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«The Winner»Tansin3:26
7.«The Dreamer»Molland5:20
8.«Come Down Hard»Molland3:48
9.«Sail Away»Evans3:31
Bonusspor på CD-utgåva frå 90-talet
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«One More Time» (+)Tansin2:57
11.«Send Me Your Love» (+)Tansin4:12
12.«Steal My Heart» (+)Tansin3:56
13.«Love Can't Hide» (++)Molland/Tansin2:45
14.«Can You Feel the Rain (Tansin) » (+)Tansin4:03
  • + Produsert av Joe Tansin
  • ++ Produsert av Joey Molland

Medverkande endre

I følgje plateomslaget.[2]

  • Tom Evans - solo- og harmonivokal, bass
  • Joey Molland - gitar, akustisk gitar, solo- og harmonivokal, elektrisk piano
  • Joe Tansin - gitar, harmonivokal, klaverinstrument, mandolin
  • Ken Harck - trommer, pappyskje
  • Duane Hitchings - synthesizer, akustisk piano
  • Nicky Hopkins - akustisk piano, Hammondorgel
  • Andy Newmark - trommer
  • Steve Foreman - perkusjon, trommer
  • David Campbell - strykearrangement
  • Barry Sperti - saksofon
  • Tom Lecher - bass
  • Harry Pulver jr. - piano
  • Bob Millea - trommer
  • Dean Ford - korvokal
  • Rick Salon - slidegitar
  • Scott Greer - piano

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Airwaves (CD). Badfinger. Permanent Press Recordings. 1999. PCD 52712.