Ajía Paraskeví
Lokalt namn Αγία Παρασκευή

Geografi
Stad Aten
Koordinatar 38°00′N 23°49′E / 38.000°N 23.817°E / 38.000; 23.817
Areal 7,97 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Nord-Aten
Hovudsete Ajía Paraskeví (59 704 innb.)
Demografi
Folketal 59 704 (2011[1])
Folketettleik 7524,1 /km²

Ajía Paraskeví (gresk Αγία Παρασκευή) er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]

Ajía Paraskeví ligg nordaust for Aten, om lag 10 km frå sentrum av byen. Fram til 1950-åra var forstaden tynt folkesett og dei fleste innbyggjarane dreiv med jordbruk. I 1960-åra opplevde Hellas rask økonomisk vekst og mange emigrerte til storbyane, noko som førte med seg rask utviding av desse. Dermed auka folkeveksten dramatisk i forstadane til Aten. I dag er Ajía Paraskeví tett folkesett med mykje trafikk og luftforureining.

Ajía Paraskeví ligg ved foten av Ymittós og er ein av få forstadar i Aten som har mange tre og grøne område. Byen strekkjer seg oppover i høgda og ein kan sjå store delar av Aten og heilt til Pireus.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre