Ajdna er ein fjelltopp i Karavankane i Žirovnica kommune i Gorenjska i Slovenia med ei høgd på 1064 meter over havet. Det har lettast tilkomst frå landsbyen Potoki i nabokommunen Jesenice.

Ajdna sett frå Moste

Det er funne restar etter ein busetnad frå seinantikken like nedanfor toppen, samt spor som viser at det truleg har vore busetnad her mykje tidlegare. Utgravingar av staden starta i 1976. Dei fleste funna er frå perioden like etter Romarriket kollapsa (476 e.Kr.) og det virkar som om innbyggjarane her har søkt tilflukt frå dalen i ein periode med mykje uro og folkevandringar i regionen. Plassert høgt over dalen med ein naturleg barriere i sør, hadde innbyggjarane her full kontroll over kva som skjedde nede i dalen og var ein enkel plass å forsvare. Fleire andre høgtliggande busetnader er funne i regionen frå perioden 300- til 500-talet, men Ajdna ligg høgast av dei alle. Restar etter totalt 25 bygningar er grave ut, inkludert eit tidleg kristent tempel. I tillegg er det funne potteskar, våpen og smykke, som no er utstilt på museum i Kranj.[1] Ruinane av det religøse byggverket er bevart med tak over og er i dag ope for turistar.[2]

Ajdna er erklært eit arkeologisk nasjonalt monument av den slovenske regjeringa.[3].

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Gorenjski Muzej Kranj
  2. Žirovnica kommune, arkivert frå originalen 29. oktober 2007, henta 21. april 2009 
  3. Slovenske styresmakter erklærer Ajdna eit nasjonalt kulturarvmonument, arkivert frå originalen 24. mai 2011, henta 21. april 2009