Ajman (arabisk عجمان, Aǧmān) er hovudstaden i emiratet Ajman i Dei sameinte arabiske emirata og ligg langs Persiabukta.

Ajman
عجمان
by
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Emiratet Ajman
Koordinatar 25°23′58″N 55°28′47″E / 25.3995°N 55.4796°E / 25.3995; 55.4796
Folketal 238 000  (2010)
Kart
Ajman
25°23′58″N 55°28′47″E / 25.399444444444°N 55.479722222222°E / 25.399444444444; 55.479722222222
Wikimedia Commons: Ajman

Folketal endre

Byen hadde 238 000 innbyggjarar i 2010. Dette er meir enn 90 % av folketalet i heile emiratet. Byområdet glir direkte over i byen Sharjah langs kysten i sørvest, som igjen har vokse saman med Dubai. I lag dannar dei eit samanhengande byområde.

Handel endre

I Ajman ligg kontoret til emiren, fleire selskap og marknadar, og kring 50 internasjonale og lokale butikkar. Her ligg òg fleir bankar.

Turisme endre

Ajman har kome i gang att etter finanskrisa i 2007-2008. Turistmåla i emiratet, inkludert hotell, shopping og kulturinstitusjonar, er i rask vekst. Av turistmål finn ein Ajman nasjonalmuseum nær Ajman Fort, Det raude fortet og museet i innlandsenklaven Manama.

Mange familiar vitjar den travle og populære cornichen i Ajman på kveldane og i helgane med mange snøggmatbutikkar, kafear og bodar.

Samferdsle endre

Den naturlege hamna i Ajman ligg langs ei naturleg vik som går innover i byen.[1] Arab Heavy Industries ligg i Ajman og er ein av dei største skipsprodusentane i verda.[2]

Hovudflyplassen i emiratet ligg i enklaven Manama, kring 60 km aust for byen, og er dermed i ein av dei mest fjerntliggande delane av emiratet. Sharjah internasjonale lufthamn ligg derimiot berre nokre få kilometer unna.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Ajman Free Zone, arkivert frå originalen 18. april 2008, henta 19. september 2016 
  2. World66: Ajman