Akababukta (arabisk: خليج العقبة - Khalij al-Akabah) er ei om lag 160 km lang bukt som fører mot nord-nordaust frå den nordlege delen av Raudehavet. Kystlinja ved bukta høyrer til fire land: Egypt, Jordan, Israel og Saudi-Arabia. I Israel blir bukta oftast kalla Eilatbukta (hebraisk: מפרץ אילת - Mifratz Eilat).[1]

Akababukta
bukt
Sinaihalvøya med Akababukta i aust og Suezbukta i vest
Land  Egypt,  Israel  Jordan,  Saudi-Arabia
Del av Raudehavet
Stad Raudehavet
 - koordinatar 28°45′N 34°45′E / 28.750°N 34.750°E / 28.750; 34.750
Lengd 160 km
Areal 239 km²
Kart
Akababukta
28°45′N 34°45′E / 28.75°N 34.75°E / 28.75; 34.75
Sinaihalvøya med Akababukta i aust og Suezbukta i vest
Sinaihalvøya med Akababukta i aust og Suezbukta i vest
Sinaihalvøya med Akababukta i aust og Suezbukta i vest
Wikimedia Commons: Gulf of Aqaba

Bukta startar ved Tiransundet ved Sharm el-Sheikh og leier i nordaustleg retning inn til hamnebyen Akaba i Jordan. Herifrå er det ikkje langt til grensa til Egypt, og 2 kilometer vest for Akaba ligg hamnebyen Eilat i Israel. Akababukta er ein del av Riftdalen som går gjennom Afrika.

Akababukta spela ei viktig rolle under seksdagarskrigen i 1967. Krigen vart utløyst ved at Egypt sperra innseglinga til bukta.

Geografi endre

 
Byen Akaba er den største ved bukta.

Bukta ligg aust for Sinaihalvøya og vest for Den arabiske halvøya. Med Suezbukta i vest, strekkjer ho seg frå nordlege delar av Raudehavet. Den største djupna i bukta er 1 850 m i sentrale område. Suezbukta er langt breiare, men berre kring 100 meter på det djupaste.

Bukta er 24 km på det breiaste, og strekkjer seg kring 160 km nordover frå Tiransundet til der Israel møter Egypt og Jordan.

 
Coral World Underwater Observatory ved Eilat.

Som kysten av Raudehavet, er bukta ein av dei beste stadane i verda for dykking. Området er særleg rikt på korallar og dyreliv. Her finst mange skipsvrak og skip som er søkkte med vilje for å lage habitat for marine organismar og auke den lokale dykketurismen.

Byar endre

 
Eilatstranda

I nordenden av bukta ligg dei tre største byane: Taba i Egypt, Eilat i Israel og Akaba i Jordan. Dei er strategisk viktige hamnebyar og populære turiststader for turistar som reiser til varme klima. Lenger sør er Haql den største saudiarabiske byen ved bukta. På Sinai er Sharm el-Sheikh og Dahab store byar.

Den største byen er Akaba som har 108 000 innbyggjarar (2009), etterfølgd av Eilat som har 48 000 (2009).

Utstrekning endre

Den internasjonale hydrografiske organisasjonen definerer den sørlege grensa av bukta som «ei linje som går frå Ràs al Fasma og sørvest til Requinøya til Tiranøya og frå sørvestpunktet av denne øya og vestover til kysten av Sinaihalvøya».[2]

Geologi endre

Bukta er ein av to som er skapt av måten Sinaihalvøya deler det nordlege Raudehavet på. Suezbukta ligg vest for halvøya og Akababukta i aust. Geologiske dannar bukta den sørlege enden av Daudehavsforkastinga. Ho består av tre små skjerbasseng, Elatdjupna, Den aragnoesiske djupna og Dakardjupna. Rørsle i ei av desse forkastingane skapte Akababuktajorskjelvet i 1995.[3]

Historie endre

 
Litografi av ein handelskaravane av Louis Haghe frå ein original av David Roberts.
 
Eit hotellområde ved Akababukta.

Handel på tvers av Raudehavet mellom hamnene i Elim og Elat inst i bukta er dokumentert så tidleg som Det fjerde dynastiet i Egypt. Ekspedisjonar som kryssa Raudehavet og segla sørover til Punt er nemnd i femte, sjette, ellevte, tolvte og det attande dynastiet i Egypt, då Hatshepsut bygde ein flåte for å gjenetablere handelen med Punt og henta tilbake luksusvarer som velluktande harpiks og levande tre.[4] Theben nytta nubisk gull eller Nub frå erobringane hennar sørover til Kush for å handle med røykjelse, myrra, bitumen, natron, einerolje, lin og koparamulettar for mumifiseringsindustrien ved Karnak. Egyptiske busetnader nær Timnah inst i bukta er datert til Det attande dynastiet i Egypt.

Ved norenden var den gamle byen Ayla (i dag Akaba) eit handelssenter for nabatearane. Romarane bygde Via Traiana Nova, som var knytt til Kongevegen ved Akaba og knytte Afrika til Asia og skipsfart i Levanten og Raudehavet.

Akaba var ei stor osmansk hamn, med togsamband til Damaskus og Medina via Hejazbanen. Under fyrste verdskrigen var slaget ved Akaba, leia av Lawrence av Arabia, eit nøkkelslag som enda det 500 år gamle osmanske styre over Stor-Syria.

Turisme endre

 
Korallar og fisk i Raudehavet

Bukta var ein av dei mest populære dykkedestinasjonane i verda. Kring 250 000 dykk vert utført kvart år langs den 11 km lange kystlinja til Eilat, og dykking utgjer 10 % av turistinntektene i området.[5]

Landskapet i Wadi Rum aust for nordenden av bukta er eit populært turistmål. Andre destiniasjonar er ruinane av jernaldersivilisasjonen Ayla i Akaba.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Miljødepartementet i Israel om vern av Akababukta/ Eilatbukta, arkivert frå originalen 20. mai 2007, henta 20. mai 2007 
  2. «Limits of Oceans and Seas, 3rd edition» (PDF). International Hydrographic Organization. 1953. Arkivert frå originalen (PDF) 8. oktober 2011. Henta 29. september 2014. 
  3. Klinger, Yann; Rivera, Luis; Haessler, Henri; Maurin, Jean-Christophe (August 1999). «Active Faulting in the Gulf of Aqaba: New Knowledge from the Mw 7.3 earthquake of 22nd november 1995» (PDF). Bulletin of the Seismological Society of America (Seismological Society of America) 89 (4): 1025–1036. Arkivert frå originalen (PDF) 25. januar 2014. Henta 29. september 2014. 
  4. Creasman, Pearce Paul (2014). «Hatshepsut and the Politics of Punt». The African Archaeological Review 31 (3): 395–405. ISSN 0263-0338. 
  5. Artificial Reefs and Dive Tourism in Eilat, Israel Dan Wilhelmsson, Marcus C. Öhman , Henrik Ståhl og Yechiam Shlesinger Ambio, Vol. 27, No. 8, Building Capacity for Coastal Management (Dec., 1998), s. 764-766 Publisert av: Allen Press på vegner av Det kongelege svenske vitskapsakademiet [1]

Bakgrunnsstoff endre