Akarnanikó (gresk Ακαρνανικό, katharevousa Akarnanikon) er ei fjellkjede som dominerer dei nordvestlege områda av periferieininga Etoloakarnanía vest i Hellas. Ho har ei lengd på om lag 20 km og er 10 km brei. Det joniske havet ligg mot vest. Fjella er kjend for sitt kjeldevatn. Hovudvegen mellom Vónitsa og Astakós ligg i vestlege område.

Akarnanikó
Ακαρνανικό
fjell
Land  Hellas
Høgd 1 589 moh.
Kart
Akarnanikó
38°45′29″N 20°59′38″E / 38.75805556°N 20.99388889°E / 38.75805556; 20.99388889

Ein finn skogar i dei ytre områda av fjellet, og elles sporadiske buskar, grassletter, steinar og bergskår.

Næraste stader endre

Panorama endre

Frå fjella kan ein sjå nærliggande fjell i nord og aust som Panetolikófella og fjella nordvest på Peloponnes, inkludert Móvri og Skóllis, men Panakhaikó og enkelte andre fjell kan ein ikkje sjå. Den austlege halvdelen av Akhelóosdalen og Dei etoliske slettene kan ein òg sjå. I vest kan ein sjå øyane Kefaloniá, Itháki og Levkáda, og i nord så vidt Ártabukta og fleire fjell i Ípiros.

Kjelder endre