Aker Elektro (AEL), tidlegare Stord Elektro og Aker Kværner Elektro, er eit industriselskap i Aker Solutions-gruppa. AEL leverer elektro-, instrument- og telekommunikasjonsutstyr og -tenester til olje- og gassindustrien, hovudsakleg på norsk sokkel. AEL har avdelingar på Stord, i Stavanger, i Bergen og i Stjørdal. Firmaet har om lag 1530 tilsette.

Aker Elektro AS
Org.formAksjeselskap
BransjePetroleumsutvinning
Skipa1946
EigarAker Solutions
HovudkontorStord/ Stavanger
LandNoreg
Tilsette1530
Nettstadwww.akersolutions.com

Historie endre

Firmaet vart skipa på Stord i 1946, då under namnet Stord Elektro.

Aker Maritime og Kværner vart slegne saman til Aker Kværner, vart Kværner sine elektro- og automasjonsavdelingar overførte til Aker Elektro. Firmaet skifta seinare namn til Aker Kværner Elektro. Hovudkontoret vart flytta frå Stord til Stavanger på 2000-talet. AEL er i dag leiande i Noreg på sitt fagområde. Då Aker Kværner skifta namn til Aker Solutions i 2008, vart firmaet heitande Aker Elektro att.

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.