59°54′51.440″N 10°44′34.562″E / 59.91428889°N 10.74293389°E / 59.91428889; 10.74293389

Akersgata i Oslo sett i sørleg retning frå Y-blokka. Bygningen bak trea til venstre hyser Finansdepartementet, og den bua bygningen til høgre hyser fleire andre departementskontor.

Akersgata er ei gate i Oslo, den går frå Akershus festning til Hammersborg, der den deler seg og går over i Akersveien og Ullevålsveien. Akersgata er om lag 900 meter lang og følgjer Akerryggen, høgdedraget som byrjar på Akersneset og går vidare nordover langs Hammersborg og til Gamle Aker kyrkje.

Stortingsbygningen ligg med baksida mot Akergata, med eit nytt tilbygg frå 1950-talet langs gata. I 2013 vart Akersgata stengd med bommar på strekninga forbi Stortingsbygningen. I Akersgata ligg òg mykje av Regjeringskvartalet, mellom anna Finansdepartementets bygg i nr 40.

Fleire bygg langs Akersgata vart skada ved bombeåtaket på regjeringskvartalet 22. juli 2011.

Trefoldighetskirken, Akersgata 60.

Akersgata var tidlegare avisgata i Oslo og dei fleste store avisene helt til der. Etter at Aftenposten i 2003 flytta til Posthuset rett ved Oslo Sentralstasjon og Dagbladet i 2008 flytta til Hamnelageret, vart berre Verdens Gang att i Akersgata. Men i 2014 flytta Aftenposten attende til gata, men inn hjå Verdens Gang, ikkje inn i sitt gamle hus.

Andre viktige bygg langs Akersgata:

Bakgrunnsstoff endre