Akhisar (osmansk-tyrkisk اقحصار) er eit distrikt og ein by i provinsen Manisa i Egearregionen vest i Tyrkia. Akhisar er òg den antikke byen Thyatira eller Thyateira.

Akhisar
by
Marknad i Akhisar
Land  Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Manisa
Høgd 93 moh.
Koordinatar 38°55′05″N 027°50′15″E / 38.91806°N 27.83750°E / 38.91806; 27.83750
Folketal 100 897
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 45200–45220
Retningsnummer 0236
Bilnummer 45
Kart
Akhisar
38°55′27″N 27°50′25″E / 38.9240528°N 27.8401895°E / 38.9240528; 27.8401895
Wikimedia Commons: Akhisar
Nettstad: www.akhisar.bel.tr

Byen har ei historie som går attende til 3000 fvt. og har vore eit travelt handelssenter med ei strategisk plassering ved fleire viktige vegar i antikken og mellomalderne. Det var ein av dei første byane i verda der det vart brukt pengar. I Akhisar låg òg ein av Dei sju openberringskyrkjene. Byen er òg nemnd i Bibelen som Thyateira.

I dag er Akhisar framleis eit handels- og forretningssenter i regionen. Kring 10 % av tobakkproduksjonen i Tyrkia vert gjort her. Her vert òg dyrka oliven og produsert olivenolje.

Kjelder endre