Aki Uolevi Parviainen (fødd 26. oktober 1974 i Helsingfors i Finland) er ein tidlegare finsk friidrettsutøvar som vart verdsmeister i spydkast i Sevilla 1999.

Aki Parviainen
Statsborgarskap Finland
Fødd 26. oktober 1974 (49 år)
Helsingfors
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Karriere endre

Parviainen utmerkte seg som spydkastar allereie i junioralderen. I åra 1991 og -92 vann han fyrst bronse og deretter gull i europameisterskap for juniorar. Som senior vart han finsk meister seks år på rad, frå 1998 til 2003. I seks verdsmeisterskap på rad (1995-2005) plasserte han seg mellom dei ni beste, med gull i 1999 og sølv i 2001 som dei fremste prestasjonane. I OL 2000 kom han på femteplass, medan han i EM-samanheng oppnådde ein niandeplass i 1998 og ein åttandeplass i 2002 som best.

Hans aller lengste kast kom i 1999, då han i Kuortane slengde spydet 93,09 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Medaljar i finske meisterskap endre

  • Gull: 1998 (86,54), 1999 (87,55), 2000 (84,29), 2001 (83,51), 2002 (82,48), 2003 (82,91)
  • Bronse: 1995 (85,60), 1997 (81,04)

Personlege rekordar og årsbeste endre