Aksel Lund Svindal

Aksel Lund Svindal (fødd 26. desember 1982) er ein norsk alpinist frå Kjeller som vart olympisk meister i utforrenn under Vinter-OL 2018.

Aksel Lund Svindal


Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. desember 1982 (41 år)
Lørenskog
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014, Alpint under Vinter-OL 2010 – Utfor menn, Alpint under Vinter-OL 2010 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 2010 – Storslalåm menn

Utmerkingar

Skieur d’Or, Aftenpostens Gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett, Folkets idrettspris

Han slo i gjennom i 2003, då han mellom anna vann to NM-gull. Han deltok i VM i St. Moritz, og oppnådde ein 5. plass i storslalåm som det beste resultat sitt. Dette året fekk han òg den første pallplasseringa si i eit verdscuprenn, med 2. plass i kombinasjonen i Kitzbühel.

I VM i Bormio i Italia i 2005 deltok han i alle dei fem øvingane. Med sølv i kombinasjonen vart han den einaste nordmannen som tok medalje i meisterskapen.

27. november 2005 tok han den første verdscupsigeren sin i super-G i Lake Louise.

Han vann den totale verdscupen i sesongen 2006/2007 etter ein spennande duell mot Benjamin Raich, avgjort på siste dagen i sesongen. Etter sesongen vart han tildelt Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnamn» i Noreg[1] og Aftenpostens Gullmedalje for årets idrettsbragd.[2]

Den 27. november 2007 fall han stygt under utfortrening i Beaver Creek i Colorado i USA. Svindal brekte nasen og fekk kutt i ansiktet og skade i setemuskulaturen. Han vart operert på sjukehuset i Vail straks etter fallet. Det var uvisst kor lenge Svindal måtte halde seg borte frå trening og konkurransar[3]

Han deltok i den fyrste konkurransen etter fallet i storslalåm under verdscupopninga i Sölden den 26. oktober 2008 og kom på 13. plass. 5. desember 2008 vann han det fyrste verdscuprennet sitt etter fallet, noko som stadfesta at han var på veg tilbake. Han vann utforrennet i Beaver Creak, på same stad som han fall. Dagen etter vann han også Super-G.

Idrettsgallaen 2008 5. januar fekk han prisane «Årets mannlege Idrettsutøver 2007» og «Utøvernes pris». På same prisutdeling i 2009 blei han kåra til «Årets forbilde», mykje grunna motet og innsatsen hans for å kome seg att etter skaden i Beaver Creek.

Merittar endre

VM endre

I VM i alpint 2005 i Bormio i Italia i 2005 deltok han i alle dei fem øvingane. Som einaste nordmann tok han medalje i meisterskapen, med sølv i kombinasjonen. I VM i Åre 2007 vart han historisk ved å bli første norske verdsmeister i utfor.

Verdscup endre

Aksel Lund Svindal vann den totale verdscupen i alpint 2006/2007 og 2008/2009. I sesongen 2006/2007 vann han òg storslalåm- og kombinasjoncupane, medan han i 2008/2009 vann super-G-cupen.

I sesongen 2005/2006 vann han Super-G-cupen, med berre to poeng meir enn Hermann Maier. Same året vart han nr. 2 samanlagd i den totale verdscupen. Per 2009 har han 12 enkeltsigrar i verdscuprenn:

Dato Stad Land Disiplin
27. november 2005 Lake Louise Canada Super-G
15. mars 2006 Åre Sverige Utfor
30. november 2006 Beaver Creek USA Superkombinasjon
21. desember 2006 Hinterstoder Austerrike Storslalåm
14. mars 2007 Lenzerheide Sveits Utfor
15. mars 2007 Lenzerheide Sveits Super-G
17. mars 2007 Lenzerheide Sveits Storslalåm
28. oktober 2007 Sölden Austerrike Storslalåm
25. november 2007 Lake Louise Canada Super-G
5. desember 2008 Beaver Creek USA Utfor
6. desember 2008 Beaver Creek USA Super-G
11. mars 2009 Åre Sverige Utfor

NM endre

Dei to første NM-gulla sine tok han i 2003. I 2006 vart han første nordmann med gull i alle disiplinane i eit NM.

  • 2003: Gull i slalåm, gull i storslalåm
  • 2004: Gull i slalåm, gull i super-G, sølv i storslalåm
  • 2005: Gull i storslalåm, bronse i slalåm
  • 2006: Gull i utfor, gull i super-G, gull i storslalåm, gull i slalåm, gull i kombinasjonen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar på bokmål har ei samling med sitat som gjeld Aksel Lund Svindal.