Eit akterkastell er ein høg skanse bak mesanmasta og over akterspegelen på store seglskip, som karakkar, karavellar, gallionar og galeasar.[1] Det husar vanlegvis kapteinslugaren, kanskje nokre ekstra lugarar og er krona med eit poopdekk, som på manovarar gav ei høg plattform som ein kunne skyte mot andre skip frå. Det var òg ein forsvarsplass om skipet vart borda. Det er vanlegare med ein forkastell, men denne er vanlegvis mykje mindre.

Akterkastell på fregatten «Méduse», sett frå dekk.
Gallion med ein forkastell (venstre) og akterkastell (høgre)
Akterspegel på ein kopi av ein gallion frå 1600-talet.

Etter kvart som seglskipa utvikla seg, vart akterkastellet erstatta med kvarterdekk, som gjekk heile vegen fram til hovudmasta.

Kjelder endre

  1. The Editors of Encyclopædia Britannica. «Castle ship part». Encyclopædia Britannica. Henta 19. juli 2020.