Akupunktur (av latin acus, 'nål', og punctura, 'stikk') er ein gammal terapimetode som går ut på å stikka nåler inn i visse punkt på kroppen. Metoden er viktig i tradisjonell kinesisk medisin, men også ein del i vestlege samanhengar. Akupunktur blir mest brukt på menenske, men kan også brukast på dyr som ei form for smertelindring.

Akupunktur

Klassifikasjonar og ressursar
ICD-10-kode:8/E/0/H/8E0H30Z
MeSHD015670
MeSHD026881
Akupunkturskjema frå Mingdynastiet.

Det finst mange forskjellige filosofiar og teknikkar for akupunktur. Dei klassiske kinesiske teoriane om qi, meridianar og akupunkturpunkt har ikkje vitskapleg belegg.[1] Akupunktur er likevel ei alternativ medisinform som er blitt mykje studert, og er i utbreidd bruk over heile verda. Metoden kan verka ha effekt for ein del lidingar som kvalme, ryggsmerte og hovudverk, [2] sjølv om dette i dei fleste studiar gjerne kan forklarast som ein placeboeffekt.[3]

Kjelder endre

  1. Barrett, S (30 December 2007). «Be Wary of Acupuncture, Qigong, and "Chinese Medicine"». Quackwatch. Henta 4 May 2015. 
  2. Berman, Brian; Langevin, Helene; Witt, Claudia; Dubner, Ronald (29 July 2010). «Acupuncture for Chronic Low Back Pain». New England Journal of Medicine 363 (5): 454–461. PMID 20818865. doi:10.1056/NEJMct0806114. 
  3. Ernst, E. (2006). «Acupuncture--a critical analysis». Journal of Internal Medicine 259 (2): 125–137. ISSN 0954-6820. PMID 16420542. doi:10.1111/j.1365-2796.2005.01584.x. 
  • Bruset, Stig; Grimsgaard, Sameline; Olsen, Thale Kristin; Kjøll, Georg (17. oktober 2013), «Akupunktur», Store medisinske leksikon, henta 24. februar 2017 
  • Velle, Weiert Martin (23. februar 2016), «Akupunktur: veterinærmedisin», Store norske leksikon, henta 24. februar 2017 

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.