Al-Bireh i Libanon

Al-Bireh, El Bire, Biré, El Bireh (arabisk البيرة) eller Birra (under krosstoga) er ein by i Rashaya distrikt, søraust i Bekaa guvernement i Libanon. Al-Bireh er ein del av kommunen Rashaya. Han ligg vest for vegen mellom Majdel Anjar og Rashaya. Innbyggjartalet er estimert å vere kring 9000. Han er ein liten muslimsk by med to moskear og to skular.

Al-Bireh
landsby
Land  Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Rashaya distrikt
Koordinatar 33°38′N 35°47′E / 33.63°N 35.78°E / 33.63; 35.78
Kart
Al-Bireh i Libanon
33°35′02″N 35°49′09″E / 33.583888888889°N 35.819166666667°E / 33.583888888889; 35.819166666667
Wikimedia Commons: Al-Bireh, Lebanon

Den eldste delen av byen ligg på toppen av Jabal Arbi, medan den nyare delen ligg i dalen Wadi al-Taym, og vert kalla Izza. Av stader i nærleiken finn ein Rafid, Kamed, Khirbet-Rouha og Mdouckha. Byen ligg 80 km frå Beirut og 40 km frå Damaskus i Syria.

Hovudnæringa i byen er jordbruk. Byen er kjend for dyrking av oliven, mandlar, frukt og grønsaker og andre avlingar.

Historie endre

Det er gjort fleire funn frå Qaraoun-kulturen frå yngre steinalder i området.[1]

Byen vart først okkupert av PLO-styrkar seint i 1970-åra, så av israelske styrkar tidleg i 1980-åra. Før den israelske invasjonen vart byen råka av fleire israelske luftåtak.

I januar 2009 vart ei gate i byen kalla opp etter presidenten Hugo Chávez, etter at Venezuela kasta ut ein israelsk ambassadør på grunn av det israelske åtaket på Gazastripa i 2008-2009.[2]

Kjelder endre

  1. L. Copeland; P. Wescombe (1966). Inventory of Stone-Age Sites in Lebanon: North, South and East-Central Libanon, s. 26. Impr. Catholique. Henta 22. september 2014. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. juli 2011, henta 23. september 2014 

Bakgrunnsstoff endre