«Alabama Song» (òg kjend som «Whisky Bar» eller «Moon over Alabama» eller «Moon of Alabama») vart opphavleg publisert i Bertolt Brecht sin Hauspostille (1927). Han vart sett til musikk av Kurt Weill i 1927 for «songspelet» Mahagonny og igjen nytta i Weill- og Brecht-operaen Rise and Fall of the City of Mahagonny i 1930. I sistnemnde vert han sungen av rolla Jenny og dei prostituerte venene hennar i første akt. Musikalsk inneheld han element av foxtrot, blues og vert sungen av Jenny Corless.

Teksten til «Alabama Song» er i engelsk og vert sungen på engelsk sjølv om den originale operaen er tyskspråkleg.

The Doors-versjonen endre

Alabama Song (Whisky Bar)
Song av The Doors
frå albumet The Doors
Språk engelsk
Utgjeve 4. januar 1967
Innspelt August 1966
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 3:20
Selskap Elektra Records
Komponist Kurt Weill
Tekstforfattar Bertolt Brecht
Låtskrivar(ar) Bertolt Brecht
Kurt Weill
Produsent Paul A. Rothchild

Songen vart innspelt i 1967 av rockebandet The Doors (tilskriven på albumet som «Alabama Song (Whisky Bar)»). Frontmannen i the Doors, Jim Morrison, endra det andre verset frå :

Show us the way to the next pretty boy til Show me the way to the next little girl.

I tillegg er eine verset frå originalen, Show me the way to the next little dollar fjerna.

David Bowie-versjonen endre

Alabama Song
Singel av David Bowie
B-side

Space Oddity

Språk engelsk
Utgjeve 15. februar 1980
Innspelt Good Earth Studios, London, 2. juli 1978
Sjanger Kabaret, opera
Lengd 3:51
Selskap RCA Records
BOW 5
Komponist Kurt Weill
Tekstforfattar Bertolt Brecht
Låtskrivar(ar) Bertolt Brecht
Kurt Weill
Produsent David Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
«John, I'm Only Dancing (Again)»
(1979)
Alabama Song «Crystal Japan»
(1980)


Bowie, som var tilhengjar av Brecht, spelte songen på verdsturneen sin i 1978. Han spelte inn songen i studioet til Tony Visconti etter den europeiske delen av turneen, og gav han i 1980 ut på singel for å oppfylle og ende kontrakten med RCA.

Med uvanlege toneartendringar «verka singelen som eit kalkulert trekk for å forstyrre eit kvart radioprogram der han var heldig nok til bli spelt».[1] Med ein enkel, akustisk versjon av «Space Oddity», innspelt i desember 1979, nådde singelen likevel 23. plass i Storbritannia. Konsertutgåva av songen frå 1978 vart gjeven ut på Stage.

Bowie spelte seinare i BBC-utgåva av Brecht sin Baal, og gav ut ein EP med songar frå stykket. Han spelte «Alabama Song» igjen for Sound+Vision-turneen i 1990 og på Heathen-turneen i 2002.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

Kjelder endre

  1. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.108