Alan Bullard

britisk komponist

Alan Bullard (fødd 4. august 1947 i London)[1] er ein britisk komponist, særleg kjend for pedagogisk pianomusikk og komposisjonar for kor.

Alan Bullard
Fødd1947 (77 år)
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Verka somkomponist, musikkpedagog

Biografi endre

Alan Bullard studerte piano på musikkonservatorium i Blackheath før han tok til å studera ved Royal College of Music i London under m.a. Herbert Howells. Han tok vidare musikkstudium ved Nottingham University. Etter dette dreiv han ein del musikkundervisning ved forskjellige kunst- og musikkskular frå 1970 til 1975.

Det fyrste verket Alan Bullard i dag som sin fyrste komposisjon, er «Three Poems by W.B. Yeats» (1973). Få andre verk av Bullard som vart skrive frå denne tida, har overlevd til i dag. Alan Bullard flytta til Essex i 1975 for å undervisa ved det som i dag heiter Colchester Institute og underviste fast der til 2005. I 2008 vart Alan Bullard utnemnd til æresdoktor ved University of Essex for arbeidet sitt innan komposisjon og musikkutdanning. I 2010 fekk han tre prisar frå Music Industries Association for utgjevingane sine det året.

Alan Bullards tonespråk er inspirert av nyare komponistar som Herbert Howells og Benjamin Britten, men også av mellomaldermusikk og renessansemusikk.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Alan Bullards offisielle heimeside, arkivert frå originalen 25. mars 2014, henta 6. september 2013 

Bakgrunnsstoff endre