Alarik II var konge over vestgotarane frå 484 til 507. Han er den siste kongen av Toulouse-kongedømet. Etter hans tid laut vestgotarane skipe eit nytt kongedøme i Spania.

Alarik II

Statsborgarskap Vestgotarar
Fødd 458
Det vestgotiske riket
Død

august 507
Poitiers

Yrke monark, militær leiar
Språk latin, gotisk
Far Eurik
Mor Ragnahilda
Ektefelle Theodegotho
Alarik II på Commons

Alarik tok over som konge etter faren Eurik, den 28. desember 484. Det meste av styringstida hans var skipla av trette med frankarane under kong Chlodovech, som no freista å vinne att landa dei hadde tapt til Eurik.

Alarik II er oftast hugsa som ein svak konge, mykje på grunn av vanskane han hadde med frankarane. Historikarane drøftar framleis kva som er årsaka til at kongedømet hans braut saman i 507, og skuldar ikkje Alarik for svak styring. Det tykkjest klårt at kongen hadde økonomiske vanskar. Di meir var frankarane stødde av paven, og av kong Theoderik den store som var gift med søster til Chlodovech. Theoderik synte seg elles som mykje av ein diplomat i tida som følgde.

Alarik og Clodoveck møttest til samtale i 502, på ei øy i elva Loire. Her gjorde dei ei fredsavtale og stogga den krigen som då hadde vara ved nokre år. Fredsavtala heldt til 507. Då gjekk Theoderik den store imellom for å løyse stoda mellom frankarane og visigotane. Chlodovech vart rådd til å halde seg i ro, og politikken til Alarik vart støtta av Theoderik. Dette synte seg å vera gagnlaust. Frankarane gjekk til krig først, og austgotarane kunne ikkje koma til hjelp i tide.

Alarik vart rådd til å møte Chlodovech ved Vouillé i Gallia, nær Poitiers. Frankarane vann slaget, og overleveringa fortel at Alarik II fall i nærkamp med kong Chlodovech. Etter den tid drog visigotane seg over Pyreneane og skipa eit nytt kongerike i Spania. Slik kan ein òg rekne at opphavet til den fransk-spanske riksgrensa skriv seg frå den politiske stoda i 507.

Alarik åtte to søner, Geserik, som var uekte, og Amalarik, som var mindreårig då faren døydde. Geserik tok over som konge for vesegotane etter Alarik.

Tida som følgde var elles prega av stor indre uro, og Theoderik den store rådde òg for visigotane ei tid, frå 511 til Amalarik vart vaksen.

Kjelder endre