Alassane Ouattara

Alassane Ado Dramane Ouattara (fødd 1. januar 1942) er internasjonalt anerkjend som den rettmessige vinnaren av valet i Elfenbeinskysten i 2010, og dermed gjeldande president for Elfenbeinskysten. Av di den tidlegare presidenten Laurent Gbagbo ikkje har vore villig til å gje frå seg presidentskapet, har Ouattara fått ei vanskeleg byrjing på presidentperioden.

Alassane Ouattara

Statsborgarskap Elfenbeinskysten
Fødd 1. januar 1942 (82 år)
Dimbokro
Yrke samfunnsøkonom, politikar
Språk fransk
Politisk parti Parti démocratique de Côte d'Ivoire
Religion Islam
Ektefelle Dominique Ouattara
Nettstad http://www.ado.ci/accueil.php
Alassane Ouattara på Commons

Ouattara er oppvaksen i Dimbokro i Elfenbeinskysten. Far hans er opphavleg frå Burkina Faso, noko som har gjort at Ouattara ikkje har fått stilla som presidentkandidat i landet før valet i 2010. Han har ein doktorgrad frå University of Pennsylvania, og vart utnemnd til ministerpresident i 1990 av dåverande president Félix Houphouët-Boigny.

Bryllaupet med kona Dominique Nouvian Folloroux vart forretta av dåverande borgarmeister Nicolas Sarkozy. Kona er fransk og av jødisk herkomst, medan Ouattara sjølv er muslim.

Kjelder endre