Alba Mons

(Omdirigert frå Alba Patera)

Alba Mons (tidlegare Alba Patera) er ein unik vulkansk struktur nord for Tharsis-regionen på Mars. Strukturen er ein enorm skjoldvulkan omtrent 1600 kilometer i diameter, men berre ~6 kilometer høg. Han er den største kjende vulkanen i solsystemet målt i areal og volum (med eit areal på 5,7 ×106 km² dekkjer han 5 % av overflata til Mars[1]). Vulkanen har tynnare lavastraum enn andre skjoldvulkanar på Mars, med både enorme plateliknande lag og hundrevis av lange og tronge kanalar på sidene. Flesteparten av dei tronge kanalane er over 100 kilometer lange; nokre så lange som over 300 km; noko som tyder på utbrot over lang tid av lava med låg viskositet. Alba Mons ligg på eit system av forkastingar som går nordover ifrå Tharsis.

Alba Mons

HiRISE-bilete av eit utsnitt av kalderaen til Alba Patera
Koordinatar40,1° N, 109,8°V
Høgd~6 km
Topografien til Alba Mons.

Alba skil seg ifrå dei andre patera-formasjonane på Mars på fleire måtar; vulkanen manglar furete oskeavsetjingar og ligg i lågland og ikkje i høgland.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre