Alberto Giacometti

Alberto Giacometti (10. oktober 190111. januar 1966) var ein sveitsisk modernistisk bilethoggar, målar og grafikar, som frå 1922 i hovudsak budde og arbeidde i Paris. Han besøkte jamnt heimstaden i fjelldalen Bergell, for å treffe familien og der han var kunstnarisk aktiv. Giacometti var mellom dei viktigaste bilethoggarane i det 20. hundreåret. Målaren Giovanni Giacometti var far hans.

Alberto Giacometti

Statsborgarskap Sveits, Frankrike
Fødd 10. oktober 1901
Borgonovo
Død

11. januar 1966 (64 år)
Chur

Yrke bilethoggar, kunstmålar, skribent, designar, smykkedesigner, grafikar, grafikar, teiknar
Språk italiensk, tysk, fransk
Far Giovanni Giacometti
Mor Annetta Giacometti
Ektefelle Annette Arm
Alberto Giacometti på Commons
Alberto Giacometti på ein sveitsisk hundrefranc-setel frå 1998.
Verk av Giacometti på baksida av sveitsisk hundrefranc-setel frå 1998.

Liv og gjerning endre

Giacometti var fødd i Borgonovo i dåverande Stampa kommune i kantonen Graubünden. Vinteren 1919-20 tok han utdanning som bilethoggar i Genève, dei neste to åra gjekk han i lære i Italia. I 1922 busette hans seg i Paris. Frå 1926 var han mykje oppteken av korleis ein kunne abstrahere menneskekroppen, noko som i 1930 førte han over i surrealismen. Han byrja arbeide med material som streng, tau og glas.

Verk av Giacometti er påverka av både kubismen, surrealismen og av filosofiske spørsmål om det å vere menneske, samt av eksistensialismen og fenomenologien. Kringom 1935 slutta han med sine surrealistiske verk, vigde seg i staden til å måle komposisjonar med figurar. Mellom 1938 og 1944 var figurane maksimalt sju centimeter store. Dei var meint å reflektere avstanden, slik han hadde sett og oppfatta modellen.

I åra etter andre verdskrigen laga Giacometti sine mest kjende verk; i dei ekstremt lange, slanke skulpturane synte han fram si nye erfaring av avstand. Denne erfaringa oppstod etter eit kinobesøk, han vart då merksam på skilnaden mellom hans måte å sjå på og den måten fotografiet og filmen «såg på». Med sin subjektive måte å sjå på, skapte han former som ikkje er sant kroppslege avbildingar.

Giacomettis måleri var opphavleg ein mindre del av verka hans. Etter 1957 fekk det figurative måleriet ein likeverdig plass med hans arbeid med skulpturar. Dei nærast einsfarga måleria han laga i sine siste år kan ikkje reknast til den modernistiske stien.

Alberto Giacometti døydde i Chur.

Kjelder endre

    • Store Norske Leksikon.

Denne artikkelen bygger på «Alberto Giacometti» frå Wikipedia på bokmål, den 27. september 2013.

Bakgrunnsstoff endre