36°0′N 3°0′W / 36.000°N 3.000°W / 36.000; -3.000

Kart over Aloboransjøen.

Alboransjøen er den vestlegaste delen av Middelhavet og ligg mellom Spania i nord og Marokko og Algerie i sør. Gibraltarsundet, som ligg i vestenden av Alobransjøen, knyter Middelhavet til Atlanterhavet.

Middeldjupna til havområdet er 1461 meter og på det djupaste er det 4920 meter.

Overflatestraumar i Alboranhavet renn austover og fører vatn frå Atlanterhavet inn i Middelhavet. Djupare straumar renn vestover og fører det saltare middelhavsvatnet ut i Atlanteren. Her finst ofte ein roterande sirkulasjon, kalla ein havkvervel, i Alboranhavet på grunn av denne utvekslinga av vassmassar. Alboranhavet er ein overgangssone mellom dei to hava og inneheld ei blanding av artar frå Middelhavet og Atlanterhavet. Her finst den største bestanden av tumler i det vestlege Middelhavet, samt den siste bestanden av nise i Middelhavet. Området er òg ein viktig fôrplass for havskjelpadder i Europa. Alboranhavet har òg viktige kommersielle fiskeplassar der det vert fiska sardiner og sverdfisk. I 2003 sette World Wildlife Fund den store bruken av drivgarn på dagsordenen. Drivgarna truar dei utryddingstrua bestandane av delfinar, skilpadder og andre havdyr.

Fleire småøyar ligg i havområdet, mellom anna Isla de Alborán. Dei fleste, sjølv dei som ligg utanfor kysten av Marokko, er kontrollert av Spania.

Ei fjellboge, kalla Gibraltarbogen, ligg rundt den nordlege, vestlege og sørlege sida av Alboranhavet. Gibraltarbogen består av Cordilleras Béticas i Sør-Spania og Riffjella i Marokko. Dese fjella vert rekna som Baetic-Rif-komplekset og er eit av dei områda ved Middelhavet som har størts biologisk mangfald på grunn av overgangen mellom Middelhavet og Atlanterhavet.

Kjelder endre