Albumet Gimme Dat Ding

Gimme Dat Ding
Samlealbum av The Sweet/The Pipkins
Språk engelsk
Utgjeve Desember 1970
Innspelt 1968–1970
Sjanger Rock, pop, komisk song, varieté
Selskap EMI
Produsent John Burgess
The Sweet-kronologi 
Gimme Dat Ding Funny How Sweet Co-Co Can Be
(1971)


Gimme Dat Ding er eit delt album mellom The Sweet på side ein og The Pipkins på side to, gjeve ut på billigetiketten til EMI, MFP (Music For Pleasure) i 1970. Det er kalla opp etter songen «Gimme Dat Ding» av The Pipkins.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars link

Bakgrunn endre

Den uvanlege alliansen av to så radikalt forskjellige grupper kom av at dei på den tida delte same plateprodusent (John Burgess) og det same låtskrivar-teamet.

Etter dei dårlege salstala med Burgess, bestemte The Sweet seg i 1971 for å følgja sin eigen veg, då dei signerte kontrakt med den vellykka låtskrivar-duoen Nicky Chinn og Mike Chapman og med ein ny produsent, Phil Wainman. På den andre sida forsvann The Pipkins same år på grunn av den korte suksessen dei hadde som komediegruppe i heimlandet Storbritannia.

I følgje heftet som følgde CD-versjonen av albumet, vart Gimme Dat Ding rekna «som det første rapalbumet», i utgangspunktet på grunn av materialet som The Pipkins hadde bidratt med.

Innhald endre

The Sweet

Side ein vart gjeve over til (den gong) det nye popbandet Sweet og inneheld A og B-sider av det som var tre kommersielt mislykka singlar (på Parlophone Records) før bandet til slutt slo gjennom med «Funny Funny» gjeve ut av RCA Records. Trass i framsidebiletet av The Sweet med Andy Scott, var han faktisk ikkje bandmedlem før «Funny Funny» og er ikkje med på nokre av desse innspelingane. Den dåverande gitaristen i bandet var Mick Stewart (som erstatta den originale gitaristen Frank Torpey) og skreiv to av dei framheva B-sidene på denne samlinga.

Pipkins

Side to består av seks songar frå The Pipkins med eit uformelt og satirisk innhald eller humoristiske innslag, i varieté-stil på dei fleste songane. I komediefigurane sine syng Tony Burrows med hard røyst og Roger Greenaway med ein falsett, akkompagnert av eit ikkje-oppført studioband som speler alle instrumenta .

Blant songane som står fram er den humoristiske songen «Gimme Dat Ding», ein suksess i fleire engelsktalande land rundt om i verda, komponert av Albert Hammond og Mike Hazlewood. Songen var debuten og einaste hitte av tyding for duoen, då han nådde sjetteplassen på UK Singles Chart og niandeplassen på Billboard Hot 100 på midten av 1970-talet.

Ein annan mindre suksess var ein parodi på «Yakety Yak» av The Coasters, eit veldig populært tema på slutten av 50-talet.

Innhald endre

Side ein The Sweet endre

  1. «Lollipop Man» (Albert Hammond, Mike Hazlewood)
  2. «Time» (Brian Connolly, Steve Priest, Mick Stewart, Mick Tucker)
  3. «All You'll Ever Get from Me» (Roger Cook, Roger Greenaway)
  4. «The Juicer» (Mick Stewart)
  5. «Get on the Line» (Jeff Barry, Andy Kim)
  6. «Mr. McGallagher» (Mick Stewart)
  • Spor 1, 2 produsert av John Burgess; spor 3-6 produsert av John Burgess og Roger Easterby
  • Lew Warburton - arrangør, dirigent på «Get on the Line»

Side to The Pipkins endre

  1. «Gimme Dat Ding» (Hammond, Hazlewood)
  2. «Yakety Yak» (Jerry Leiber, Mike Stoller)
  3. «The People That You Wanna Phone Ya» (Hammond, Hazlewood)
  4. «My Baby Loves Lovin'» (Cook, Greenaway)
  5. «Busy Line» (Murray Semos, Frank Stanton)
  6. «Sunny Honey Girl» (Cook, John Goodison, Greenaway, Tony Hiller)

Produksjon endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre