Aldeyjarfoss
Aldeyjarfoss er ein foss nord på Island på den nordlege delen av Sprengisandur og Det islandske høglandet.
Aldeyjarfoss | |||
foss | |||
Aldeyjarfoss
| |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Område | Det islandske høglandet | ||
Del av | Skjálfandafljót | ||
Elv | Skjálfandafljót | ||
Totalt fall | 20 m | ||
Aldeyjarfoss 65°21′58″N 17°20′53″W / 65.366°N 17.348°W | |||
Wikimedia Commons: Aldeyjarfoss | |||
Ein av dei mest interessante trekka til fossen er kontrasten mellom dei svarte basaltsøylene og det kvite vatnet i fossen. I dette liknar han på den mykje mindre islandske fossen Svartifoss i Skaftafell nasjonalpark.
Elva Skjálfandafljót fell her ei høgd på 20 m. Basalten høyrer til ei lavaslette kalla Frambruni eller Suðurárhraun, hraun er eit islandsk uttrykk for lava.
Sjå òg endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Aldeyjarfoss» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2007.