Ale Möller (fødd Arild Staffan Möller26. mars 1955 i Stävie Skåne) er ein svensk musikar, komponist og multiinstrumentalist.

Ale Möller

Fødd26. mars 1955 (69 år)
FødestadStävie församling
OpphavSverige
Aktiv1977–
Sjangerverdsmusikk, folkemusikk, jazz
Instrumentmandola, vokal, trekkspel, fløyte, trompet
Verka somkomponist, musikar, utøvar
PrisarLRFs litteraturpris, Stockholms stads hederspris, Jan Johansson-stipendiet

Ale Möller spelar mellom anna fløyte, sekkepipe, trekkspel og fleire ulike strengeinstrument, først og fremst mandola og bouzouki. Han byrja som jazztrompetist, men har seinare fokusert utelukkande på folkemusikk, og er i dag ein av Sverige og Norden sine mest kjente og allsidige folkemusikarar.

Möller lærte å spele bouzouki i Hellas, der han i spelte i Neo Minore sitt orkester i tre år, som ofte vart dirigert av den kjende komponisten Mikis Theodorakis. Etter at han drog heim til Sverige for å konsentrere seg fullt og heilt om svensk folkemusikk heldt han fram med å bruke bouzoukien, og utvikla ein eigen spelestil og ein tilnærmingsmåte for å akkompagnere den tradisjonelt feledominerte spelemannsmusikken. Han har i dei seinaste åra gått over til å bruke ein spesialtilpassa variant av strengeinstrumentet mandola, utvikla i samarbeid med instrumentmakaren Christer Ådin.

Möller har mange musikalske prosjekt, blant anna trioen Frifot, der han samarbeider med songaren Lena Willemark og felespelaren Per Gudmundson. Han har gitt ut fleire plater på plateselskapet ECM, med prosjektet Nordan. Det nyaste prosjektet hans, Ale Möller Band gav ut plata Bodjal i 2004. Möller har òg jobba mykje med norsk folkemusikk, og samarbeider med hardingfelespelaren Gunnar Stubseid frå Setesdal. Saman gav dei ut plata Reisaren i 1997.

Kjelder endre