Aleksandr Petsjerskij

Aleksandr «Sasja» Petsjerskij (22. februar 190919. januar 1990) var ein ukrainsk jøde og soldat som organiserte det mest suksessrike fangeopprøret i den nazistiske konsentrasjonsleiren Sobibor i 1943.

Aleksandr Petsjerskij

Fødd22. februar 1909
FødestadKrementsjuk
Død19. januar 1990
DødsstadRostov-na-Donu
Rangkaptein i forsvaret
Eininglett infanteri
Konfliktarandre verdskrigen, Den store fedrelandskrigen

Liv endre

Petsjerskij vart fødd i Krementsjuk i Ukraina og hadde studert musikk og litteratur. I 1941 vart han kalla inn til teneste i Den raude armeen som underoffiser.

Han vart same året teken til fange av tyske soldatar. Etter eit mislykka fluktforsøk vart det oppdaga at han var av jødisk ætt, og da vart han send til ein SS-driven arbeidsleir i Minsk. Sidan, i september 1943, vart han overført til Sobibor. Da han hadde krigserfaring, var det han som organiserte fangeopprøret og den namngjetne flukta frå Sobibor.

Etter at han hadde kome seg unna Sobibor, slutta han seg igjen til den sovjetiske hæren, til ein alvorleg skade i foten førte til at han fekk medalje for modig framferd og vart sivilist att. Men på grunn av Stalin-regimet vart han skulda for å ha late seg bli teken til fange av fienden utan tilstrekkeleg grunn, og han vart ei rid sperra inne i ein Gulag-leir. Han vart sett fri att etter protestar grunna rolla hans i opprøret i Sobibor.

Han døydde i 1990 i Rostov-na-Donu.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre