Aleksandr Pusjkin

Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin (26. mai 179929. januar 1837)[a] var ein russisk forfattar, ofte rekna som den største diktaren Russland har hatt[1][2] og grunnleggjaren av moderne russisk litteratur.[3][4] Pusjkin la grunnen for ein ny forteljarteknikk som blanda drama, romantikk og satire, og som sidan har vore eit særskilt trekk ved mykje litteratur. Han var også banebrytande ved å bruka folkeleg språk i verka sine, og skapte nyord der han såg manglar i språket.

Aleksandr Pusjkin

Fødenamn Александр Сергеевич Пушкин, Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin
Pseudonym Александр НКШП, Иван Петрович Белкин, Феофилакт Косичкин, P., Ст. Арз. (Старый Арзамасец), А. Б.
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 26. mai 1799
Moskva
Død

29. januar 1837 (37 år)
St. Petersburg

Yrke lyrikar, prosaforfatter, skodespelforfattar, litteraturkritikar, omsetjar, historikar, romanforfattar, librettist, boksamler, kommentator, skribent, barnebokforfattar, dramaturg, essayist, duellant, forfattar
Språk russisk
Sjanger prosa, meiningsjournalistikk, kritikk, historisk roman, verseroman, røverroman, kortroman, eventyr, skodespel
Medlem av Arsamas-foreningen, Grønne lampe
Religion ortodoks
Far Sergei Lvovitsj Pusjkin
Mor Nadetsjda Pusjkina
Ektefelle Natalja Pusjkina
Born Marija Pusjkina, Natalja Aleksandrovna Pusjkina, Aleksandr Aleksandrovitsj Pusjkin, Grigorij Aleksandrovitsj Pusjkin
Signatur
Aleksandr Pusjkin på Commons

Liv endre

 
Måleri av Pusjkin som fireåring.
 
Aleksandr Pusjkin, utsnitt av portrett av Vasilij Tropinin frå 1827.

Aleksandr Pusjkin var fødd i Moskva i ein aristokratisk, men utarma familie. Gjennom faren stamma han frå ein av dei eldste adelsfamiliane i Russland, bojarar som kunne spora anane sine tilbake til 1100-talet. Mora stamma frå tysk og skandinavisk adel, og var sonedotter av Ibrahim Petrovitsj Gannibal (Abram Hanibal), ein afrikanar teken som slave i barndommen som hadde fått ei framståande stilling under Peter den store.

 
Portrett av Pusjkin frå 1810.

Pusjkin-familien snakka fransk heime, slik det var vanleg for russiske aristokratar på denne tida, og borna lærte både å snakka og lesa fransk. I barndommen høyrde han russiske folkeeventyr frå barnepassaren sin, familiesoga si frå mormora, og lærte å kjenna bønder og einsemd ved landeigedommen hennar. Aleksandr Pusjkin nytta også faren sitt bibliotek, og møtte husgjestar med litterær bakgrunn.

Aleksandr Pusjkin byrja ved det nyleg grunnlagde lyceet i Tsarskoje selo i 1811, og gav ut sine første dikt som femtenårig elev der, i 1814. Den tidlege lyrikken hans slekta på dei romantiske diktarane Zjukovskij og Batiusjkov og franske diktarar som Vicomte de Parny. Endå viktigare påverkingar var truleg Voltaire og den franske nyklassisismen. Eposet Ruslan og Ljudmila, som var påbyrja i skuleåra, heldt Voltaire sin stil, men hadde samstundes motiv henta frå russisk folkedikting. Då diktet kom ut i 1820 vekte det stor merksemd, og fekk kritikk for å bryta dei litterære reglane i samtida, men også ros frå mellom anna Zjukovskij.

Pusjkin fekk ein post ved tsaren sin utanriksteneste i St. Petersburg i 1817. Her kom han med i den eksklusive litterære kretsen Arzamás og ei diskusjonsgruppe kjend som «Grøn lampe», som utvikla seg til eit hemmeleg forbund med sosial reform for auget.[b] Pusjkin sine opprørske politiske dikt førte til at han blei forvist til sørlege Russland i 1820.

Åra i forvising endre

 
'Pusjkin på stranda', måleri av Ivan Ajvazovskij, 1887.

Aleksandr Pusjkin blei først plassert i Jekaterinoslav (no Dnipropetrovsk i Ukraina), der han blei sjuk. Under rekonvalesensen reiste han til nordre Kaukasus, og seinare til Krimhalvøya saman med krigshelten Rajevski og familien hans.

I denne perioden var Pusjkin blitt påverka av Byron, og skreiv dikt inspirert både av den engelske diktaren og opplevingane sine under forvisinga, i dikt som «Fangen i Kaukasus» (1821), «Fontenen i Bakhtsjisaraj» (1823) og «Sigøynerne» (1824). I mai 1823 byrja Pusjkin på eit større meisterverk, ein roman på vers som skulle bli til Jevgenij Onegin (1833).

 
Landsbyen ved Mikhailovskoje i 1837.
 
Sjølvportrett av Pusjkin frå 1820-talet.

Etter opphald i Kisjiniov (1820–23; no Chişinău i Moldova) og Odessa (1823–24) blei han send til mora sin eigedom Mikhailovskoje nær Pskov, der han budde frå 1824 til 1826. Pusjkin klaga bittert over eksilet i brev til venner, som seinare er blitt rekna som meisterstykke innan russisk prosa. Han deltok likevel i det utsvevande livet i Kisjiniov, og forelska seg i kona til ein overordna i Odessa, der han også utkjempa fleire duellar. På Mikhajlovskoje levde han meir isolert, men kunne dermed fordjupa seg i studie av russisk historie og folkelitteraturen på landsbygda og utvikla si eiga skriving. Han frigjorde seg frå Byron sin subjektive diktarstil og utvikla sin eigen poetiske realisme med tydelegare russisk preg. Blant verka skrivne her var den historiske tragedien Boris Godunov, som først fekk koma ut i sensurert utgåve fem år etter at det var ferdig, i 1831.

Tilbakekome endre

Etter det mislukka Dekabristopprøret i desember 1825 blei Pusjkin utsett for sensur, ettersom bøkene hans var blitt funne hjå fleire opprørarar. Etter eit langt møte med den nye tsaren Nikolaj I fekk han venda tilbake til Moskva og St. Petersburg hausten 1826, og fekk løfte om at tsaren personleg skulle sensurera verka hans.

Livet i St. Petersburg var likevel prega av innskrenka fridom og ei kjensle av isolering. Pusjkin blei overvaka, både løynd og openlyst, av det hemmelege politiet, og tsaren viste seg å vera ein endå strengare sensor enn byråkratiet. Samstundes meinte mange av tilhengjarane hans at han svikte ideala sine i det han skreiv, slik at han måtte koma med eit forsvarsskrift i diktet «Druzyam» (1828, 'Til venene mine').

Tida var likevel fruktbar for Pusjkin som forfattar. Nesten alle verka han skreiv mellom 1829 og 1836 var nyvinningar innan russisk litteratur. Sommaren 1830, medan han var på familieeigedommen Boldino nær Nizjnij Novgorod, skreiv han mellom anna Malenkie tragedii ('Små tragediar'), Kamenny gost, Motsart i Salyeri ('Mozart og Salieri'), Skupoy rytsar ('Den gjerrige riddaren'), Pir vo vremja tsjumy ('Fest i pesttida') og fleire dikt og artiklar i ulike stilar.

I 1831 blei Pusjkin kjend med den andre store russiske forfattaren på denne tida, Nikolaj Gogol. Dei blei gode vennar og støttespelarar, og komediane til Gogol påverka Pusjkin sin prosa, som i dette tiåret blei den viktigaste uttrykksforma hans.

 
Natalja Pusjkina-Lanskaja, som Pusjkin blei gift med i 1831. Måleri av Ivan Makarov frå 1849.

Dette året gifta han seg også med attenårige Natalja Gontsjarova, som han hadde forelska seg i to år tidlegare. og stifta bu i St. Petersburg. Dei fekk fire barn: Maria (f. 1832), Aleksandr (f. 1833), Grigorij (f. 1835) og Natalja (f. 1836). Pusjkin tok ei statleg stilling og fekk i oppdrag å skriva historia om Peter den store. I 1834 blei han gjeven tittelen Kammerjunker, kammertenar for tsaren, delvis slik at den omtykte kona hans skulle kunne koma til tilstellingar ved hoffet. Stillinga medførte at Pusjkin måtte delta mykje i sosietslivet, noko han mislikte sterkt. Fleire bøner om å få trekka seg tilbake til landet for å skriva blei forkasta.

Pusjkin opplevde også problem i heimen, både ei aukande gjeld og mistankar om at kona var utru. Rykta om eit tilhøve mellom Natalja og Georges d'Anthès, som var blitt gift med søster til Pusjkin, førte til slutt til at dei to utkjempa ein pistolduell i 1837. Begge blei såra, og Pusjkin døydde to dagar seinare av skadane.

Regimet frykta politiske demonstrasjonar ved Pusjkin si rekviemmesse, og kroppen hans blei derfor flytta frå Isakskatedralen til ei mindre kyrkje nær bustaden hans, før han blei transportert til Mikhailovskoje, der han blei gravlagd ved Svjatogorskij-klosteret i nærleiken. Tsaren sytte for å betala gjelda til Pusjkin, og gav enkja Natalja ein pensjon. Franskmannen d'Anthès blei forvist frå riket.

Forfattarskap og ettermæle endre

 
Kobylitsa molodaya, 'Hesten', som skrive av Pusjkin.

Forfattarskapen til Pusjkin var allsidig, og sameinte klassisisme, romantikk og russisk folkelitteratur. Pusjkin innleidde realismen og skapte med dette ein moderne russisk litteratur. Språkbruken hans var både enkel og djup, og la grunnen for stilen til seinare forfattarar som Turgenjev, Gontsjarov og Tolstoj. Av mange russiske forfattarar som kom etter han, er Pusjkin rekna som «byrjinga på byrjinga», som Maksim Gorkij sa det.

Pusjkin er omsette til dei fleste større språk, og har også påverka utanlandske forfattarar som Henry James. Lyrikken hans er rekna som svært kompleks og vanskeleg å omsetja — Vladimir Nabokov brukte to band for å få med heile meininga i si omsetjing av Jevgenij Onegin, som opphavleg er på rundt hundre sider.

Ei rekkje av verka til Pusjkin er blitt kalla «meisterverk». Pusjkin sin eigen favoritt var verseromanen Jevgenij Onegin, som starta ein ny tradisjon i russisk litteratur. Romanen skildra det samtidige russiske samfunnet, og følgde nokre få hovudpersonar, samstundes som tonen og fokus endrar seg kraftig i løpet av romanen.

Verka hans inspirerte også kjende russiske operaverk, som Ruslan og Ljudmila av Glinka, Jevgenij Onegin og Spar dame av Tsjaikovskij, og Boris Godunov av Mussorgskij. Ei rekkje andre verk blei gjort om til musikk- og ballettverk. Mozart og Salieri gav seinare inspirasjon til filmen Amadeus.

Pusjkin blei dyrka under sovjettida, som ein opprørar mot tsarmakta, og seinare. Det er reist ei rekkje statuar over Pusjkin, og plassar og metrostasjonar er kalla opp etter han.

Verk endre

 
Seksvinga seraf (etter Pusjkin sitt dikt «Profeten») av Mikhail Vrubel, 1905.

Dikt endre

  • 1820 – Ruslan i Ljudmila (Руслан и Людмила)
  • 1820-21 – Kavkazskij plennik (Кавказский пленник)
  • 1821 Gavriiliada (Гавриилиада)
  • 1821–22 – Bratia razbojniki (Братья разбойники)
  • 1823 – Bakhtsjisaraiskij fontan (Бахчисарайский фонтан)
  • 1824 – Tsiganij (Цыганы)
  • 1825 – Graf Nulin (Граф Нулин)
  • 1829 – Poltava (Полтава)
  • 1830 – Domik v Kolomne (Домик в Коломне)
  • 1833 – Mednij vsadnik (Медный всадник)

Pusjkin sine dikt gjendikta til norsk finst i Olav Rytter: Min bauta og andre dikt; Samlaget, 1973 ISBN 82-521-0266-2

Versroman endre

 
Duellen i Jevgenij Onegin. Illustrasjon av Ilja Repin frå 1899.
  • 1825-32 – Jevgenij Onegin (Евгений Онегин); norsk gjendikting 1966 ved Olav Rytter: Jevgenij Onegin

Drama endre

 
Illustrasjon til Steingjesten av Ilja Repin.
  • 1825 – Boris Godunov (Борис Годунов); norsk omsetjing 1974 ISBN 82-521-0383-9
  • 1830 – Malenkie tragedii (Маленькие трагедии) 'Små tragediar'
    • Kamenny gost (Каменный гость), 'Steingjesten'
    • Motsart i Salyeri (Моцарт и Сальери); norsk omsetjing 1974: Mozart og Salieri ISBN 82-521-0383-9
    • Skupoy rytsar (Скупой рыцарь); norsk omsetjing 1974: Den gjerrige riddaren ISBN 82-521-0383-9
    • Pir vo vremya chumy (Пир во время чумы)

Prosa endre

  • 1827 – Arap Petra Velikogo (Арап Петра Великого)
  • 1831 – Povesti pokoynogo Ivana Petrovitsja Belkina (Повести покойного Ивана Петровича Белкина); norsk omsetjing 1948: Bjelkins fortellinger
    • Vistrel (Выстрел)
    • Metel (Метель)
    • Grobovstsjik (Гробовщик)
    • Stanzionnij smotritel (Станционный смотритель)
    • Barisjnija-krestijanka (Барышня-крестьянка)
  • 1833 Pikovaja dama (Пиковая дама); norsk omsetjing 1917: Spardame.
  • 1834 Istorija Pugatsjeva (История Пугачева)
  • 1834 Kırcali (Кирджали), novelle
  • 1835 Египетские ночи (Egyptiske netter), ufullført
  • 1836 Kapitanskaja docka (Капитанская дочка); norsk omsetjing 1946: Kommandantens datter.
  • 1837 История села Горюхина, ufullført
  • 1837 Сцены из рыцарских времен
  • 1841 Dubrovskij (Дубровский), ufullført roman; norsk omsetjing 1915.
 
Illustrasjon til Zolotoj Petusjok, 'den gylne hanen' av Ivan Bilibin.

Eventyr på vers endre

  • 1830 Сказка о попе и о работнике его Балде
  • 1831 Skazka o ëtìsare Saltane (Сказка о Царе Салтане); norsk gjenfortelling 1966: Eventyret om tsar Saltan ISBN 82-02-15803-6
  • 1833 Сказка о мертвой царевне и семи богатырях
  • 1834 Zolotoj Petusjok, Золотой Петушок
  • 1835 Сказка о рыбаке и рыбке

Merknadar endre

  1. Etter den julianske kalenderen, som blei brukt i Russland på denne tida. Datoane etter den gregorianske kalenderen er 6. juni og 10. februar.
  2. Selskapet var tilknytt Soyuz blagodenstvija, 'Velferdsunionen', som igjen hadde band til Dekabristopprøret i 1825.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Alexander Sergeevich Pushkin (1799-1837)». University of Virginia. Henta 24. november 2006. 
  2. «Pushkin fever sweeps Russia». BBC News. 5. juni 1999. Henta 1. september 2006. 
  3. Dimitry Dimitriyevich Blagoy. «Aleksandr Pushkin». Encyclopaedia Britannica. Henta 10. mai 2021. 
  4. Maxim Gorky. «Pushkin, An Appraisal». Henta 1. september 2006. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aleksandr Pusjkin