Aleksej Kondratjevitsj Savrasov (24. mai 18308. oktober 1897) var ein russisk kunstmålar, føregangsmann i bruken av den såkalla lyriske landskapsstilen.

Aleksej Savrasov

Verkeleg namn Алексе́й Кондра́тьевич Савра́сов
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 12. mai 1830
Moskva
Død

26. september 1897 (67 år)
Moskva

Yrke kunstmålar
Sjanger landskapsmåleri
Born Evgenija Pavlova
Aleksej Savrasov på Commons

Liv og gjerning endre

Savrasov var av kjøpmannsætt. Han begynte tidleg å teikne. I 1838 skreiv han seg inn som elev ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Her begynte han omgåande å spesialisere seg i landskapsmåling.

I 1852, to år etter han avla eksamen ved målarskulen i Moskva, reiste han til Ukraina. Savrasov vart i 1854 invitert av leiaren i Det keisarlege kunstakademiet, storhertuginne Maria Nikolajevna, til St. Petersburg. Tre år seinare, i 1857, flytta han til Moskva, då han fekk lærarstilling på kunstskulen der han sjølv hadde studert. Hans fremste elevar, Isaak Levitan og Konstantin Korovin, hugsa læraren sin i beundring og takksemd.

Savrasov gifta seg i 1857 med Sofija Hertz. Heimen deira vart ein samlingsstad for kunstnarar og kunstsamlarar, så som Pavel Tretjakov. Savrasov og særleg Vasilij Perov utvikla eit nært vennskap. Perov hjelpte Sarasov med å teikne figurar på hans bilete Volga nær Jurjevets, medan Savrasov måla landskapa på Perov sine måleri Fuglefangaren og på Jegerar i bivuakk.

I 1862 reiste Savrasov til England for å sjå verdsutstillinga i London. I eit brev heim skreiv han at ikkje noko kunstakademi i verda kunne utvikle ein kunstnar slik som verdsutstillinga. På ferda vitja Sarasov også Sveits. Målarane som kom til å påverke han mest var den britiske målaren John Constable og hans sveitsiske kollega Alexandre Calame.

I 1870 braut Savrasov med den regjerings-støtta akademi-kunsten og vart medlem av Peredvizjnikij-gruppa som arbeidde for ein realistisk målestil.

 
Aleksej Savrasov: Kornkråkene er komne, (1871).

Hovudverk, målestil endre

Kornkråkene er komne (1871) er av mange rekna for å vere høgdepunktet i Savrasov sin kunst. I framstillinga av ei vanleg, nesten triviell, hending med fuglane sin tilbakekomst og i eit særs einstonig landskap, viser Savrasov på ein kjenslevar måte overgangen i naturen frå vinter til vår. Kornkråkene er komne vart måla i nærleiken av Ipatjevklosteret i Kostroma. Måleriet gjorde Savrasov berømt.

Kornkråkene er komne er uttrykk for ein ny type lyrisk landskapsmåling, av seinare kunstkritikarar kalla for stemningslandskap. Savrasov heldt fram å måle i denne stilen. Måleri av han var representert både ved verdsutstillingane i Wien i 1873, og Paris i 1878, og ved den storrussiske utstillinga i Moskva i 1882.

Endelikt endre

Etter dotter hans døydde kom Savrasov i personleg krise, og han vart etter kvart alkoholikar. Kan hende var han også misnøgd med si kunstnariske utvikling. Alle forsøk frå slektningar og vener på å hjelpe han var fåfengte.

Dei siste åra av sitt levde Savrasov i stor fattigdom, vandra rundt i Moskva og sov i krypinn. Berre dørvakta ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur og Pavel Tretjakov, grunnleggaren av Tretjakovgalleriet, skal ha vore til stades ved Savrasovs gravferd i 1897.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aleksej Savrasov