Alen er eit gamalt lengdemål som i Noreg tilsvarar 0,6275 meter. Tre alner er ein famn. To fot er ei alen. Ordet «alen» kjem frå norrønt alin, ǫln og tyder opphavleg underarm.[1]

Alen illustrert på ein arm.

Alen er òg bruka som måleeining i Det gamle testamentet, her tilsvarar ei alen om lag 0,50 meter.[2] Paktkista var to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg.[3] I Det nye testamentet er det bruka romersk alen, ho er om lag 0,45 meter.


Sjællandsk alen endre

 
Alenstav montert på døra Sørum kyrkje. Dette for å sikra at lengdemålet ikkje forandret seg ved kjøp og salg.

I mellomalderen og fram til 1. mai 1683 utgjorde ei sjællandsk alen ca. 63,256 cm. I 1541 bestemte kongen at sjællansk alen skulle gjerast gjeldende i heile Danmark-Norge og frå 1615 var dette det einaste lovlege alen ved kjøp og sal. Det hindra likevel ikkje folk i å bruka andre alen lokalt, så lengdemålet alen har variert mykje i Danmark-Norge.

Det nye mål- og vektsystemet vart tilrettelagt av den danske astronomen Ole Christensen Rømer (1644-1710) og var tufta på rhinsk fot (31,402 cm), slik at ei sjællansk alen frå 1683 vart lik 2 rhinske fot eller 62,804 cm. Men viste det seg snart at definisjon til Rømer av den rhinske foten var bygd på ei feilanalyse. Han vart difor frå og med 10. januar 1698 omdefinert til 31,38535 cm, og samstundes vart ei sjællandsk alen justert til 62,7707 cm. Denne lengda heldt seg slik til i 1820, da ein fot i Danmark, ved kongeleg forordning, vart sett til 31,375 cm og ein alen til 62,75 cm (som i Noreg). Men denne forordninga vart oppheva i 1835 og foten sett til 31,385 cm, slik at ein alen frå då av utgjorde 62,77 cm. Denne heldt seg slik til danskane i 1907 gikk over til metersystemet.

I SkælskørVestsjælland fanst det òg ei lokal kortare alen, kalla Skælskøralen, som skal ha vore omkring 56,5 cm langt. Men det er uvisst i kva grad denne var i bruk utanfor Skælskør på Sjælland.

Ell endre

Ein variant av alen er ell, som er eit lengdemål for klede. Éin engelsk ell svarar til 45 tommer eller 1,143 m, éin flamsk ell = 27 tommer, medan éin fransk ell = 54 tommer

Sjå òg endre

Referansar endre

Gamle norske lengdeeiningar
Forholdet mellom einingane (fra 1541) Omrekning til SI-systemet - frå år
namn teiknB famn alen fot kvart tomme linje skruppel 1274C 1274D 1541E 1683F 1824G 1875H 1959J eining
1 famn 1A 3 6 12 72 864 10368 1,422 1,659 1,8978 1,8882 1,8825 1,8822 1,8288 m
1 alen 13 1 2 4 24 288 3456 47,400 55,300 63,260 62,940 62,750 62,740 60,960 cm
1 fot I 16 12 1 2 12 144 1728 - - 31,630 31,470 31,375 31,370 30,480 cm
1 kvart 112 14 12 1 6 72 864 11,850 13,825 15,815 15,735 15,688 15,685 15,240 cm
1 tomme II 172 124 112 16 1 12 144 2,633 2,633 2,636 2,623 2,615 2,614 2,540 cm
1 linje III 1864 1288 1144 172 112 1 12 2,194 2,194 2,197 2,185 2,179 2,178 2,117 mm
1 skruppel IV 110368 13456 11728 1864 1144 112 1 0,183 0,183 0,183 0,182 0,182 0,182 0,176 mm
AGrøn bakgrunnsfarge viser eksakte verdiar. BSkrive: 5I 11II 7III 10IV uttalt: fem fot, elleve tommar, sju linjer og ti skruplar = 181,998 cm (int. tomme)
CMagnus Lagabøtes landslov definerte ei Ckort alen og ei Dlang alen. Avsette ein den kortasteCtommelalna (=18II) på ei stikke, trengte stikka eit handtak, som naturleg vart ein handsbreidd (= 3II). Den lengsteD stikka vart då 21II. ESjællandsk alen vart tatt i bruk. FSystemet til Ole Rømer innført ved lov. GI samband med lausrivinga frå Danmark held ein på Ole Rømer-systemet, men måleiningane vart reviderte i lov av 28. juli 1824. HNoreg innførte SI-systemet. Loven innførte omrekningsreglar til det gamle systemet. JInternasjonal tomme definert etter SI-systemet. I Noreg vart einingane alen, kvart, tomme og famn brukt. Fot, linje og skruppel vart nesten ikkje brukt.