Alessandro Scarlatti

italiensk komponist

Alessandro Scarlatti (2. mai 166024. oktober 1725) var ein italiensk barokk-komponist, som er særleg kjend for operaene og kammerkantatane sine. Han vert rekna som grunnleggjaren av den napolitanske skulen innan opera. Han var far til to andre komponistar, Domenico Scarlatti og Pietro Filippo Scarlatti.

Alessandro Scarlatti

Fødd2. mai 1660
FødestadPalermo
Død24. oktober 1725 (65 år)
DødsstadNapoli
PeriodeBarokken
SjangerKormusikk, concerto, vokal musikk, opera
Verka somKomponist
BornDomenico Scarlatti, Pietro Filippo Scarlatti

Alessandro Scarlatti var av dei viktigaste italienske operakomponistane frå seinbarokken.[1] Han komponerte over 600 kantatar, meir enn 100 operaer, mange oratorium, serenadar, sonatar og andre instrumentale verk. Merkeleg nok vart han lite kjend etter han døydde og ryktet hans vart først oppretta på ny tidleg på 1900-talet.

Liv endre

Ein kjenner stort sett lite til den første musikalske utdanninga til Scarlatti, men det er truleg at han vart korgut i ei lokal kyrkje og kan ha studert grunnlaget med kormeisteren der. 12 år gammal vart han send til ein slektning i Roma. Her kan han ha studert med Giacomo Carissimi fram til 1674, då sistnemnde døydde.

I april 1687 gifta Scarlatti seg med Antonia Anzalone, som gav han ti born, men berre halvparten levde til dei vart vaksne. Rundt denne tida vart han kapellmeister for dronning Kristina av Sverige, ein kunstvernar som hadde grunnlagd to akademi ved palasset sitt i Roma. Han tente i denne stillinga fram til 1684, då han reiste til Napoli. På denne tida hadde han oppnådd stor suksess i Roma med den første operaen sin, Gli equivoci nel sembiante (1679), og med påfølgjande operaer, samt mange kantatar og oratorium.

I Napoli vart han maestro di cappella ved det visekongelege kapellet under visekongen av Napoli, markien av Carpio. Ved byrjinga av 1690-åra hadde Scarlatti starta å skrive operaer og serenadar i eit høgt tempo, noko som var kravd av stillinga hans. Eit av dei mest suksessrike verka hans i denne perioden var operaen Il Pirro e Demetrio, som vart framført gjennom Italia og andre stader i Europa til stor hyllest frå både kritikarane og publikum.

Scarlatti reiste i juni 1702 til Firenze med sonen Domenico, som no hadde byrja å vise sine eigne musikalske talent. Den eldre Scarlatti hadde håpa å få ei stilling hos prins Ferdinando de Medici, men klarte ikkje dette. Han skreiv likevel mykje musikk for han dei neste åra, mellom anna fire operaer. I 1703 tok han over den musikalske leiinga ved St. Maria Maggiore i Roma, men var ulukkeleg i denne stillinga frå starten, sidan paven hadde lagt ned forbod mot teatralske framsyningar der. Dette var særs frustrerande for Scarlatti.

I 1707 vart Scarlatti kapellmeister ved St. Maria Maggiore, men eit år seinare, på grunn av økonomiske vanskar, reiste han attende til Napoli for å tene i den tidlegare stillinga si der. Her vart han verande i ti år, og var framleis særs produktiv. Han skreiv mellom anna operaene Giunio Bruto (1710) og den særs suksessrike Il Tigrane (1715). Frå 1718 til 1722 reiste Scarlatti, stort sett til Roma, der operaene hans no kunne setjast opp. Etter at han vendte attende til Napoli i 1722 gjekk produksjonen hans nedover, medan dei økonomiske vanskane auka. Han døydde i 1725 og etterlet familien med gjeld og ignorert av dei som hadde gjeve han løn.

Verk endre

Scarlatti var særs produktiv og han komponerte mellom anna

Kjelder endre

  1. Alessandro ScarlattiAllmusic av Robert Cummings. Henta 17. juli 2010.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Alessandro Scarlatti