Aletschgletscher eller Grosser Aletschgletscher i Sveits er den største og lengste isbreen i Alpane. Han ligg på sørskråningane i den austlege delen av Bern-Alpane, i kantonen Valais i Sveits. I 2002 var breen 23,6 km lang, og dekte eit areal på 117,6 km². Han inneheld cirka 26,5 milliardar tonn is. Breen vert gjennom elva Massa drenert ned i Rhônedalen.

Grosser Aletschgletscher
isbre
Nedre del av breen
Land  Sveits
Område Valais
Type Dalbre
Areal 117,6 km²
Lengd 23,6 km
Tjukn (Ved Konkordiaplatz) 900 m
Status I tilbaketrekking
Koordinatar 46°26′32″N 8°04′38″E / 46.44222°N 8.07722°E / 46.44222; 8.07722
Kart
Aletschgletscher
46°26′32″N 8°04′38″E / 46.442222°N 8.077222°E / 46.442222; 8.077222
Wikimedia Commons: Aletschgletscher

Heile området, inkludert andre mindre isbrear, er del av Jungfrau-Aletsch verneområde, eit område som i 2001 vart teke med på UNESCO si liste over naturarven i verda.

Geografi endre

Aletschgletscher består av tre mindre brear som renn saman på Konkordiaplatz, der breen er nær ein kilometer djup. Han held deretter fram mot Rhônedalen og er kjelde til elva Massa.

Frå vest kjem breen Store Aletschfirn, som går langs nordfoten av Aletschhorn og Dreieckhorn. Aletschfirn vert danna rundt 3 800 moh. Han er 9 km lang og gjennomsnitt ca 1,5 km bred. Aletschfirn flyt over skaret Lötschenlücke, og er knytt til Langgletscher, og deretter inn i dalen Lötschental.

Frå nordvest renn Jungfraufirn vidare rett over i sjølve Aletschgletscher. Jungfraufirn er den kortaste av dei tre isbreane som dannar hovudbreen. Han har opphav på sørskråninga av Mönch, under Jungfraujoch og på austskråninga av Jungfrau. Jungfraufirn er knapt 7 km lang. På sitt breiaste er han 2 km, og vidare nedover er han framleis vel kilomteren brei.

Frå nord renn Ewigschneefeld, som har sitt utgangspunktet på austskråninga av Mönch. Mellom Trugberg i vest og Fiescherhorn og Grünhorn i aust, flyt isbreen i ein sving vidare til Konkordiaplatz. Ewigschneefeld er ca 8 km lang og gjennomsnitt ca 1,2 km brei. Han munnar ut på Konkordiaplatz med eit brefall på 25-30 prosent, her er breen sterkt oppsprukken.

 
I den nedre delen av isbreen. Legg merke til taulaga i nedste, venstre hjørne

Aletschgletscher er meir enn 900 meter tjukk på Konkordiaplatz. Mot sør minkar tjukna til ca 150 meter. Karakteristiske trekk er dei to mørke moreneløypene, nesten i midten av Aletschgletscher, som passerer Konkordiaplatz i heile si lengd. Dei er morenar, som skil isen frå kvar av dei tre hovudbreane. Den vestlege morenen vert kalla Kranzbergmoräne, den austlege er Trugbergmoräne.

Frå Konkordiaplatz flyt isen i ei breidde på ca 1,5 km, og med ei fart på opp til 180 meter pr år, mot søraust til Rhônedalen, mellom Dreieckhorn vest og Wannenhorn i aust. Han dreiar så i ein stor boge og vrir seg meir og meir mot sørvest, først langs fjellfoten av Eggishorn og så Bettmerhorn. Den nedre delen av Aletschgletscher er i stor grad dekt av lausmassar. Bretunga er i dag på rundt 1 560 meter over havet, langt under den lokale tregrensa. Breen er kjelde til elva Massa, som etter å ha passert Massajuvet, og ha vorte nytta av eit vasskraftverk i Bitsch, renn ned i Rhône ved Naters.

Isbreen dekte i 1973 ei flatevidd på ca 128 kvadratkilometer, i 1863 rekna ein med at eit område på 163 kvadratkilometer var dekt av breen. Breen rakk då tre km lengre ned og var opp til 200 meter tjukkare enn i dag.

 
Aletschgletscher frå Eggishorn

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aletschgletscher