Aleutane (kanskje frå tsjuktsjisk aliat, «øy») er ei øygruppe på meir enn 300 små vulkanske øyar som dannar ein øyboge nord i Stillehavet. Ho dekkjer eit areal på 17 666 km² og strekkjer seg 1900 km vestover frå Alaskahalvøya i USA mot Kamtsjatkahalvøya i Russland. Ho kryssar 180°-meridianen og utgjer den vestlegaste delen av USA (og teknisk sett òg den austlegaste). Nesten heile øygruppa høyrer til Alaska og vert rekna som «den alaskiske bushen», men heilt vest ligg dei vesle Kommandørøyane som høyrer til Russland. Øyane er med sine 57 vulkanar den nordlege delen av Eldringen i Stillehavet.

Aleutane
Geografi
Stad Stillehavet

Tal på øyar meir enn 300
Store øyar Unalaska Island

Lengd 1900 km

Administrasjon
Land USA
Stat Alaska
Største busetnad Unalaska (4283 innb.)

Demografi
Folketal 8162 (2000)

Innfødde folk aleutar

Geografi endre

 
Aleutane sett frå verdsrommet
 
Unalaska i Aleutane

Øyane vart før 1867 kalla Katerinaøyane og består av fem grupper (frå aust til vest): Fox Island, Islands of Four Mountains, Andreanof Islands, Rat Islands og Near Islands (med Buldir Island halvvegs mellom Rat og Near Islands, men ikkje ein del av nokre av gruppene). Dei ligg alle mellom 52° og 55° N og mellom 172° E og 163° W.

Øyane strekkjer seg hovudsakleg sørvestover frå Alaska, men nær 179 ºW, snur dei nordvestover. Denne retningsendringa kjem av ein boge i vulkanlinja som har danna dei mange øyane. Slike bogar finn ein gjennom heile Stillehavet, som Kurilane, Japan og Filippinane. Alle desse øybogane ligg langs kanten på Stillehavsplata og får mykje seismisk aktivitet, men ein kan likevel bu på dei. Aleutane ligg mellom Stillehavsplata og den nordamerikanske jordskorpeplata. Generelt er dei austlege øyane høgare enn dei vestlege. Øyrekkja er i vest ei fortsetjing av Aleutarfjella på fastlandet.

 
Aktive vulkanar på Aleutane

Dei fleste øyane har spor etter eit vulkansk opphav og det er mange vulkankjegler på nordsida av kjeda. Nokre av dei er aktive, men ikkje alle øyane er fullstendig vulkanske og inneheld krystallinske eller sedimentære bergartar, i tillegg til rav og leier av lignitt. Kysten er prega av klipper og glattslipt av brenningane, og å nå øyane frå sjøs kan vere vanskeleg. Frå kysten og innover dei indre områda stig som regel bratte fjell.

Makushinvulkanen (1735 moh.) på Unalaska Island er ikkje fullstendig synleg frå byen Unalaska, men ein kan sjå stigande damp frå kjegla på ein (sjeldan) klår dag. Innbyggjarane i Unalaska treng derimot berre gå opp på ein av dei mange åsane i området for å sjå heile vulkanen. Dei vulkanske Bogoslof og Fire Islands vart danna i respektive 1796 og 1883 og ligg om lag 50 km vest for Unalaskabukta.

Klima endre

 
Aleutane

Klimaet på øyane er maritimt med forholdsvis små temperaturendringar og mykje nedbør. Tåke er særs vanleg. Somrane er mykje kjøligare enn Søraust-Alaska (Sitka), men om vinteren er temperaturen om lag den same som Alaska Panhandle. Den årlege normaltemperaturen i Unalaska er 3,4 °C, i januar −1,1 °C og i august 11,1 °C. Den høgaste temperaturen som er målt på øyane er 26 °C og den lågaste er −15 °C. I løpet av eit år får Unalaska normalt 2030 mm fordelt på om lag 250 regndagar, og det vert sagt å vera den mest regnfulle staden i USA.

Planteliv endre

Vekstsesongen varer om lag 135 dagar, frå tidleg i mai til seint i september, men jordbruket er stort sett avgrensa til noko grønsaker. Bortsett frå nokre korte piletre, der særs få naturlege tresortar på øyane. På nokre av øyane, som Adak og Amaknak veks det noko bartre, som er restar frå då Aleutane høyrte til Russland. Sjølv om det veks høge tre i mange kalde klima, er bartre på Aleutane som er estimert til å vere over to hundre år gamle sjeldan høgare enn 3 meter, og i mange tilfelle er dei ikkje høgare enn 2,5 m. Dette kjem av at øyane, som t.d. Falklandsøyane, er utsett for kraftig vind slik at trea ville ha rotvelta om dei vart høgare.

I staden for tre er øyane dekte av rike, tettveksande planter som gras, halvgras og mange blomar.

Økonomi endre

På øyane som ikkje er så dominert av fjell var avl av sau og reinsdyr tidlegare ei næring. Det finst bison på øyar nær Sand Point. Sauehaldet forsvann då syntetiske fiber var billigare enn ull. I løpet av 1980-åra vart det halde lamaUnalaska. I dag er økonomien hovudsakleg basert på fiske og til ein viss grad det amerikanske militæret som held til her. Dei einaste avlingane er poteter. Kylling vert avla i spesielt oppvarma hønsebygg.

Demografi endre

Dei innfødde folka kallar seg sjølv unangan, og vert av dei fleste andre kalla «aleutar».

Aleutisk er ei av to hovudgreiner av eskimoisk-aleutiske språk. Denne familien er ikkje kjend for å vere i slekt med andre språk.

I 2000 var det 8162 innbyggjarar der 4283 budde i Unalaska, den største busetnaden.

Historie endre

Førhistorie endre

Sidan øyane ligg som ei øydelagd bru mellom Asia og Amerika er det mange antropologar som meiner at dei første menneska kom seg til Amerika denne vegen. Det tidlegaste kjende sporet etter menneske i Amerika er derimot langt lenger sør, men dei første spora etter menneske i Alaska ligg truleg under vatn etter at havnivået steig etter siste istid.

Folk som levde på Aleutane var dyktige jegerar, fiskarar og korgflettarar. Korgene er kjend for å vere fletta forsiktig med remser av strandrug.

Den russiske perioden endre

Oppdagarar, handelsmenn, kolonistar og misjonærar kom hit frå Russland frå 1741.

I 1741 sende dei russiske styresmaktene Vitus Bering, ein danske i russisk teneste, og Aleksej Tsjirikov, ein russar, med skipa «St. Peter» og «St. Paulus» på ei oppdagingsferd i dei nordlege områda av Stillehavet. Etter at skipa kom frå kvarandre under ein storm oppdaga Tsjirkov fleire av dei austlege øyane i Aleutane, medan Bering oppdaga mange av dei vestlege øyane, før skipet hans forliste ved Kommandørøyane, der han omkom på øya som i dag er kalla opp etter han, Beringøya. Dei overlevande av mannskapet til Bering klarte å nå Kamtsjatkahalvøya ein båt dei bygde av vrakrestane av det forliste skipet, og kunne melde at øya var rik på pelskledde dyr.

Sibirske pelsjegerar flokka seg til Kommandørøyane og flytta seg gradvis austover langs Aleutane til fastlandet. På denne måten klarte Russland å få fotfeste på nordvestkysten av Nord-Amerika og Aleutane vart ein del av Russland, før USA kjøpte øyane og dei russiske områda i Nord-Amerika i 1867.

Russarane var omsynslause og nytta teknologien sin og vondskap til å ta aleutfolket som slavar, særleg for å jakte på havoter. Russarane tok oterpelsen frå Aleutane gjennom Alaskabukta, langs Alaska Panhandle, og sørover, stundom heilt til California. Enkelte aleutar vart flytta til Pribilof Islands slik at ein kunne fange pelssel der òg.

I 1760 gjorde den russiske kjøpmannen Andrian Tolstykh ei detaljert folketeljing i nærleiken av Adak og gav aleutane russisk borgarskap.

Trass i forsøk på å gje opp slaveriet og redusere mishandlinga i 1790-åra var Sjelikhovselskapet avhengig av arbeidskrafta til dei aleutiske jegerane for å fange nok pels.

Under den tredje og siste reisa si i 1778 kartla kaptein James Cook austlege delar av Aleutane og avgjorde posisjonen til mange av dei viktige øyane og retta mange feil som tidlegare sjømenn hadde gjort.

Misjonsarbeid endre

Av dei første kristne misjonærane som kom til Aleutane var ti russisk-ortodokse munkar og prestar i 1793. Etter to år var munken Herman den einaste overlevande av dei ti. Han slo seg ned på Spruce Island, nær Kodiak Island og forsvarte ofte rettane til aleutfolket mot russiske handelsselskap. Han er i dag kjend som Hl. Herman av Alaska.

Ein annan tidleg kristen misjonær frå den russisk-ortodokse kyrkja var fader Venjaminov som kom til Unalaska i 1824. Han vart kalla biskop Innokentij i 1840 og flytta til Sitka. I dag er han i den ortodokse kyrkja kjend som den heilage Innocent av Alaska.

Den største busetnaden i øygruppa var då som no Unalaska. Den eldste busetnaden var Iliuliuk (òg kalla Unalaska) som vart grunnlagd i 1760-1775 med tollbodar og ei ortodoks kyrkje.

Amerikansk eigedom endre

Etter at USA kjøpte Alaska frå Russland i 1867 vart øyane vidare utvikla. Det vart bygd ein misjonsstasjon og ein barneheim av metodistar og hovudkvarteret for ein stor flåte av amerikanske tollkryssarar, som patruljerte selfangstområda rundt Pribilof Islands. Den første offentlege skulen i Unalaska opna i 1883.

Den amerikanske kongressen gav alle innbyggjarane på øyane amerikansk statsborgarskap i 1924.

I 1933 vart det bygd eit sjukehus i Unalaska.

Den andre verdskrigen endre

Under den andre verdskrigen vart små delar av Aleutane, øyane Attu og Kiska, okkupert av Japan for å leie amerikanske styrkar bort frå det store japanske åtaket på Midway Atoll. Den amerikanske marinen hadde brote koden som den japanske marinen nytta og visste at dette berre var ei avleiing. Derfor gjorde dei ikkje mykje for å forsvare øyane. Eit par amerikanarar vart teke som krigsfangar. Dei fleste innbyggjarane på Aleutane vart internerte i amerikanske leirar i Alaska Panhandle. Under slaget om Aleutane invaderte amerikanarane dei japanskokkuperte Attu og slo japanarane der. Etter kvar tok dei kontroll over øygruppa igjen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre