Alex Lifeson

kanadisk musikar

Aleksandar Živojinović (fødd 27. august 1953), betre kjend som Alex Lifeson, er ein kanadisk musikar, mest kjend som gitarist i det kanadiske rockebandet Rush. Sommaren 1968 starta Lifeson bandet som skulle verte Rush i lag med ven og trommeslagar John Rutsey, og bassist/solovokalist Jeff Jones, som kort tid etter vart erstatta av noverande frontmann Geddy Lee. Han har vore eit viktig medlem av bandet sidan den gong.

Alex Lifeson

Lifeson på konsert med Rush.
Raleigh, NC (20. juni 2007)
Fødd27. august 1953 (70 år)
FødestadFernie i British Columbia i Canada
FødenamnAlexandar Zivojinovich (Aleksandar Živojinović)
OpphavCanada
Aktiv1968 til i dag
Sjangerhardrock, progressiv rock, heavy metal
InstrumentGitar, mandolin, synthesizerar, banjo, bouzouki, bassgitar, mandola, vokal
Kjende instrumentGibson ES-335

Gibson ES-355 Gibson Les Paul Fender Stratocaster Gibson EDS-1275 Ovation Adamas

PRS CE 24
Tilknytte artistarRush, Victor, Big Dirty Band
PlateselskapMercury, Anthem, Atlantic
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
Prisaroffiser av Order of Canada

For Rush spelar Lifeson elektrisk og akustisk gitar, og andre strengeinstrument som mandola, mandolin og bouzouki. Han syng òg korvokal på konsertane deira og spelar stundom tangentinstrument. Det meste av karrieren sin har Lifeson spelt for Rush, men han har òg drive med andre aktivitetar. Lifeson er deleigar i baren og restauranten The Orbit Room i Toronto og har flysertifikat.[1]

I lag med bandkollegaene Geddy Lee og Neil Peart, vart Lifeson offiser i Order of Canada den 9. mai 1996.

Lifeson vart av musikkmagasinet Rolling Stone kåra til den 98. beste gitaristen gjennom tidene.

Prisar endre

  • Best Rock Talent av Guitar for the Practicing Musicians i 1983
  • Beste rockegitarist av Guitar Player Magazine i 1984 og mai 2008
  • Nest beste rockegitarist i 1982, 1983, 1985, 1986
  • Guitar for the Practicing Musicians Hall of Fame, 1991
  • 1996 – Offiser i Order of Canada, i lag med Geddy Lee og Neil Peart
  • Most Ferociously Brilliant Gitar Album (Snakes & Arrows) – Guitar Player Magazine, mai 2008

Kjelder endre

  1. «Alex Lifeson Biography». 2112.net. Arkivert frå originalen den 12. oktober 2007. Henta September 20, 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Alex Lifeson