Alexander Møller

Alexander Christian Møller (24. april 176228. desember 1847) var ein norsk lege og eidsvollsmann.

Alexander Møller

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. april 1762
Christiania
Død

28. desember 1847 (85 år)
Barbu

Yrke politikar, lege
Språk norsk
Alexander Møller på Commons

Møller var fødd i Kristiania, der faren hans var salmakar. Ti år gammal byrja han som elev ved Maschmann-apoteket i fødebyen. Sidan var han eitt år på apotek i Helsingør og tre år på Svaneapoteket i København. Under opphaldet i København studerte han samstundes medisin, var dagleg innom 'Frederiks hospital'. I fleire år var han amanuensis hos professor Tode, livmedikus Aaskow, og hoffmedikus Gulbrand. Frå 1788 var han amanuensis hos professor Collisen og attåt reservekirkurg på Holmen.

I 1792 tok Møller kirurgeksamen i København. Same året slo han seg ned som privatlege i Arendal. Frå 1796 var han distriktskirurg i 'Nedenes len' og Råbyggelaget. Embetet vart delt i 1803, då heldt han åleine fram i Nedenes len. Ei til nydeling fann stad i 1825, han arbeidde deretter i distriktet Vestre Nedenes. Han tok avskjed med full pensjon i 1835, men heldt fram å praktisere til 1843.

Møller var utsending for Arendal til riksforsamlinga i 1814. Også på det overordentlege storting 1814 var han representant for byen. I perioden 1814-42 var han stendig valmann, og tok ofte del i samfunnsnyttige aktivitetar og gav pengemidlar og gåver til tiltak som kom både byen og nasjonen til gode. Mellom anna ei større pengegåve til universitetet i Kristiania i 1811, og kr. 32000 til eit asyl i Barbu. Ivra for opplysning og naturvitskap, hadde ei stor mineralsamling. I 1832 var han ein av stiftarane av Arendals Museum.

Han døydde i Barbu i 1847.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre