Alexia av Hellas og Danmark

Alexia (fødd 10. juli 1965) er prinsesse av Hellas og Danmark og det eldste barnet til kong Konstantin II av Hellas og dronning Anne-Marie (fødd prinsesse Anne-Marie Dagmar Ingrid av Danmark, yngste borna til Fredrik IX av Danmark og Ingrid av Sverige).

Prinsesse Alexia av Hellas og Danmark
Den greske kongefamilien
Coat of Arms of the Royal Family of Greece

Prinsessa vart fødd på Monnar Repos, Kérkyra i Hellas, i same hus som prins Philip, hertug av Edinburgh vart fødd. Ho var fyrstearving til den greske trona fram til broren Pavlos kom til verda, og Hellas var på den tida enno eit fungerande monarki. Arvefølgjeloven i Hellas følgde ikkje dei saliske prinsipp, men hadde stor likskap med arvefølgjelovene i Storbritannia og Spania.

Den 9. juli 1999 gifta Alexia seg med Carlos Morales Quintana i St. Sophia-katedralen i London. Prinsesse Alexia og Carlos har fire born:

  • Arrietta Morales y dei Grecia
  • Ana María Morales y dei Grecia
  • Carlos Morales y dei Grecia
  • Amelia Morales y dei Grecia

Familien bur no i Puerto CaleroLanzarote, Kanariøyene i eit hus teikna av Carlos sjølv.

Galleri endre

Alexia av Hellas og Danmark