Alf Egil Holmelid

norsk politikar

Alf Egil Holmelid (fødd 13. desember 1947 i Fjaler i Sogn og Fjordane) er ein norsk sivilingeniør og politikar frå Sosialistisk Venstreparti i Vest-Agder fylke.

Alf Egil Holmelid

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. desember 1947 (76 år)
Fjaler kommune
Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti
Alf Egil Holmelid på Commons

Holmelid er forskingssjef ved Universitetet i Agder, der han sidan 1997 har vore tilknytt ingeniør- og økonomiutdanningane. Han har vore medlem av sentralstyret i SV i 10 år og medlem av bystyret i Kristiansand i 16 år. Dessutan er han medlem av Teknologirådet. Ved stortingsvalet 2009 vart Holmelid vald inn på utjamningsmandat for Vest-Agder. Han er medlem av næringskomiteen.

Alf Holmelid er utdanna sivilingeniør innan kybernetikk frå NTNU, med eksamen frå 1973. Han har vore forskingssjef ved forskingsavdelinga til Elkem på Fiskå i Kristiansand, der han arbeidde frå 1975 til 1997. Deretter vart han dekanus ved Fakultet for økonomi ved Høgskolen i Agder.

Bakgrunnsstoff endre