Alfred Noyes

britisk skribent og poet

Alfred Noyes (16. september 188028. juni 1958) var ein engelsk diktar, best kjend for balladane The Highwayman (1906) og The Barrel Organ.

Alfred Noyes

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 16. september 1880
Wolverhampton
Død

28. juni 1958 (77 år)
Ventnor

Yrke lyrikar, skribent, romanforfattar, universitetslærar, skodespelforfattar, science fiction-forfattar
Språk engelsk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Alfred Noyes
Ektefelle Mary Angela Mayne
Alfred Noyes på Commons

Noyes vart fødd i Wolverhampton som son av Alfred og Amelia Adams Noyes. Noyes gjekk på Exeter College, men slutta før han fullførte studia. 21 år gammal gav han ut si første diktsamling, The Loom years.

I 1907 gifta han seg med Garnett Daniels. Han fekk etterkvart moglegheit til å undervise engelsk litteraturPrinceton University, noko han gjorde frå 1914 til 1923. Kona hans døydde i 1926, noko som gjorde at han konverterte til katolisismen. Han skreiv om konverteringa i The Unknown God som blei utgjeve i 1934.

Noyes gifta seg seinare med Mary Angela Mayne Weld-Blunde, frå ein recusant-katolsk familie. Dei slo seg ned i Lisle Combe, nær VentnorIsle of Wight og fekk tre born: Henry, Veronica og Margaret. Margaret gifta seg seinare med Micheal Nolan (seinare Lord Nolan) i 1953.

Då han gradvis vart blind byrja han å diktere arbeidet sitt. I 1953 kom sjølvbiografien hans, Two Worlds for Memory ut.

Noyes døydde 78 år gammal og vart gravlagd på Isle of Wight.