Alfred den store (ca. 84926. november 899) var konge av Wessex frå 871 og til han døydde. Han var også den mektigaste kongen i England, og sjølv om han aldri herska over heile det som i dag er England blir han likevel gjerne rekna som konge av landet. Alfred blir rekna som ein av dei mest sentrale personane i samlinga av England og i forsvaringa av riket mot danane, og han har derfor fått tilnamnet «den store». Han var også den første kongen som hadde tittelen «konge av England» i levetida si. I motsetjing til andre tidlege engelske kongar veit ein mykje om livet hans, ettersom Asser, biskopen av Sherborne, skreiv ein biografi om han.

Alfred den store

Statue av Alfred den store i Winchester.
Konge av Wessex (England)
Regjeringstid87126. oktober 899
FøddCa. 849
FødestadWantage i Oxfordshire
Død26. oktober 899
DødsstadWinchester
GravstadWinchester
FøregangarEthelred I
EtterfølgjarEdvard den eldre
GemalinneEalhswith
Gift medEalhswith av Mercia
DynastiHuset Wessex
FarEthelwulf
MorOsburga
BornEdvard, Æthelflæd, tre eller fire barn til

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Alfred den store
  Denne historieartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.