Alhambra (arabisk الحمراء, transkribert al-Ḥamrā) er eit stort palass og festningsverk bygd av maurarane på 1300-talet i byen Granada i Andalucía i Spania. Det arabiske namnet tyder bokstaveleg tala «Den raude». Alhambra er full av arabeskar og mosaikkar og står i dag på UNESCO si verdsarvliste. Festninga er ein av dei største turistattraksjonane i Spania, og vert rekna som det beste dømet på maurisk kunst i den europeiske tidsalderen.

Alhambra

StilArt of Al-Andalus
Kart
Alhambra
37°10′35″N 3°35′18″W / 37.17634°N 3.58821°W / 37.17634; -3.58821
Gardsplass i Alhambra.
Plan over Palacio Arabe frå 1889

Dei kristne erobra Granada i 1492, og einskilde delar av Alhambra vart deretter ombygd i renessansestil. Alhambra har seinare vorte skadd, mellom anna av krig, og av eit jordskjelv i 1821. Etter dette vart Alhambra restaurert av spanske arkitektar.

Alhambra ligg på eit platå i utkanten av Granada. Herifrå er det god utsikt over heile byen og slettene som omgjev han i vest og nord. I bakgrunnen ligg Sierra Nevada mot sør og aust. Rett ved palasset ligg den like gamle hagen Generalife. Saman med Alhambra og Generalife utgjer den mauriskbygde, historiske bydelen i Granada, Albaicín all UNESCO si verdsarv i Granada.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Alhambra